Buplikta utsett – for andre gong
Milliardæren og eigedomskongen Olav Thon er enno ikkje vorte flåværing.
For no har han fått utsetjing på buplikta på garden sin – for andre gong.
Olav Thon overraska flåværingane i 2012. Etter å ha spytta inn fleire hundre millionar i bygda, slo han like godt til og kjøpte garden Vold midt i sentrum for seks millionar kroner. Han fekk konsesjon. Men det er krav til buplikt, og det er den Thon fekk utsetjing på endå ein gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utsetjing att
I 2013 fekk han utsetjing i to år, og no søkte han på nytt om utsetjing. Den er innvilga etter å ha vorte behandla administrativt i kommunen.
– Det jo vore koseleg om Thon hadde vorte flåværing. Men som eg har sagt før: Det er investeringane som han har gjort i Flå som er viktige, seier ordførar Tor Egil Buøen.
– Kor lenge kan han få utsetjing?
– Når denne perioden med utsetjing er over, har det gått fem år. I Flå har det ofte vorte gitt utsetjing på fem-seks år. Men viss buplikta blir fjerna slik regjeringspartia vil, fell dette bort av seg sjølv, seier Buøen.
I drift
Eigedommen Olav Thon kjøpte i Flå omfattar eit våningshus frå 1956, garasje, reiskapshus og ein låve.
Det er fast busetjing på garden no. Thon leiger ut huset. Jorda som ligg til garden blir også leigd ut, og den blir drive. At garden er busett og jorda blir driven var grunngjevinga til kommunen for å gi Thon ytterlegare utsetjing av buplikta.