Erik Teigen sit i hovudhuset på Storgaarden og ser ut på anleggsområdet. Eigedomsutviklaren har tatt sjansar, men meiner no han er komen over kneika.
Erik Teigen sit i hovudhuset på Storgaarden og ser ut på anleggsområdet. Eigedomsutviklaren har tatt sjansar, men meiner no han er komen over kneika.

Utbyggjaren har kome over kneika

Å bygge på 1000 meter over havet har vore så krevjande at Erik Teigen var konkursen nær. No er byggjetrinn to i gang.

Infrastruktur har gitt eigedomsutviklar Erik Teigen grå hår. Det er lagt ned mangfaldige millionar kroner i vegar, tunnelar, underjordisk parkeringsanlegg, betong og infrastruktur i Tinden i Hemsedal. Det er tunge investeringar, som ikkje gir umiddelbar lønn for strevet.

Først no veit han med sikkerheit at han er komen over kneika. Lokale entreprenørar var med å redde skinnet til den visjonære gudbrandsdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Byggjer i særklasse

Leilegheitene som Storelia Holding byggjer i Tinden-området har gått unna som varmt kveitebrød. Planen er til saman 150 leilegheiter for sal. Det betyr fort ein halv milliard i omsetnad når alt er ferdig.

30 leilegheiter i dei første tre bygga er selt. No er 20 nye leilegheiter ute i marknaden, i det som heiter Skigaarden 6. Blir også desse rivne bort, startar bygginga truleg til sommaren, med ferdigstilling året etter.

– Det er bygg nummer to du ser reise deg der, seier Teigen og peikar ut vindauget frå vip-avdelinga i Skigaarden, eit restaurantbygg i særklasse, både i nasjonal og internasjonal målestokk.

Teigen sjølv er ikkje så glad i å få fjeset sitt i avisa. Ikkje desto mindre er han den enkeltpersonen som har gitt Hemsedal det største løftet dei siste åra. Det er enorme dimensjonar, på alt frå bordplater til takpanel og lysekroner. Solid til tusen. Bygd for å vare.

To av 12 bygg på plass

Berre eitt av til saman 12 planlagde leilegheitsbygg er ferdig, mens der er gjort fundamentering for fire til. Rekkjefølga er nødvendig, men kostbar fordi utgiftene blir dekka inn på eit mykje seinare tidspunkt.

Hemsedal Maskinlag har samarbeidd med Teigen i tolv år, og utan ei handsrekking frå slike kunne banken blitt ufrivillig eigedomsutviklar i fjellet.

– Det er viktig både for oss og Hemsedal at prosjekt som dette går bra. Ingen er tent med at noko går over ende, seier Rune Eikre, dagleg leiar i maskinlaget. Han er overtydd om at entreprenørar utan lokal tilknyting ikkje nødvendigvis har den same omtanken.

– Særleg maskinlaget hjelpte til i ein vanskeleg situasjon, seier Teigen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ei samla entreprenørgruppe som støtta opp og tenkte langsiktig, seier Eikre. I dag har dei alle fått fullt oppgjer.

Konkurrerer med Mellom-Europa

Ei av fleire utfordringar i Tinden har til no vore at det er mykje fjell. Dessutan er den korte anleggsperioden på tusen meter over havet eit problem. Tida mellom siste og første snø er kort.

I 2016 blir det bygging både av leilegheitsbygg, samt Storgaarden II, eit bygg for bedriftsmarknaden.

– Varme senger er minst like viktig for oss som dei kalde. Dei skal fylle området med liv, seier Teigen som meiner sengeplassar for utleige har fått eit ufortent dårleg rykte.

– Desse er heller ikkje vanskelege å selje. Me konkurrerer ikkje først og fremst lokalt, men med Mellom-Europa – og Norwegian, legg han til.

Rosina i pølsa skulle vere ein skitunnel, ein underjordisk korridor i fjellet med stabil temperatur for langrennsentusiastar sommarhalvåret. Eit spektakulært anlegg til kanskje 130 millionar kroner, med utsikt over hemsedalsfjella.

Prosjektet er utsett, og per i dag er ikkje interessa like stor. Skilandslaget trenar ikkje i skitunnel lenger.

– Eg har hatt fokus på å overleve, ikkje å vere visjonær. Det er klart ein tunnel har store byggekostnader. Målet om skitunnel ligg fast, men rammene er forandra. Eg har forplikta meg til å gi noko tilbake, men for min del kan det gjerne bli som bidragsytar til eit badeland, seier Teigen.