Gustav Rosberg Vøllo (Hemsedal IL) har ikkje fått det helt til i slalåm så langt i sesongen. Laurdag fekk han kjenne på godkjensla etter ein feilfri andre omgang.
Gustav Rosberg Vøllo (Hemsedal IL) har ikkje fått det helt til i slalåm så langt i sesongen. Laurdag fekk han kjenne på godkjensla etter ein feilfri andre omgang.

Fekk opp sjølvtilliten

– Eg har ikkje hatt gode renn i slalåm og trengde litt sjølvtillit, seier Gustav Rosberg Vøllo.

Slalåm: Den 17 år gamle alpinisten frå Hemsedal sesongdebuterte i Sverige for fjorten dagar sidan. Denne helga jakta han FIS-poeng i bakkane på Geilo, i konkurranse med både dei beste norske juniorane, men også frå USA, Island, Spania, Sverige, Kviterussland, Slovakia og fleire andre europeiske nasjonar.

– I slalåm har det vore litt stong ut. Eg har ikkje hatt eit einaste godt renn så langt i år. Eg har hekta, hatt fall eller køyrt ut. Difor trengde eg litt sjølvtillit, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bråstopp i fyrste omgang

For Vøllo starta det ikkje så bra laurdag.

– I fyrste omgang gjorde eg ein feil. Det vart nesten full stopp ved ein av portane på ei flate øvst i løypa, fortel han. Han greidde likevel å fullføre og køyrde inn til ein litt skuffande 27.-plass i fyrste omgang.

Bestetid gav fjerdeplass

I andre omgang køyrde han inn til klart bestetid, kring eitt sekund framfor neste på lista. Det førte til at Vøllo vart best av juniorane og klatra til ein femteplass på resultatlista.

Gustav Rosberg Vøllo (Hemsedal IL) følgjer innspurten av andre omgang med live-oppdatering på mobilen. Etter ein svak 27.-plass i fyrsteomgang, knalla han til med bestetid i andre omgang. Men det heldt ikkje til pallplass.

Birgit Kinneberg (Hemsedal IL) var best av dei lokale jentene. Laurdag hadde ho bestetid av alle juniorane.
Birgit Kinneberg (Hemsedal IL) var best av dei lokale jentene. Laurdag hadde ho bestetid av alle juniorane.
Andrea Skaaland Larsen (Hemsedal IL) køyrde ein bra fyrsteomgang, men var uheldig og køyrde ut i andre omgang av FIS-rennet på Geilo laurdag.
Andrea Skaaland Larsen (Hemsedal IL) køyrde ein bra fyrsteomgang, men var uheldig og køyrde ut i andre omgang av FIS-rennet på Geilo laurdag.

– I andre omgang trefte eg greitt. Det var godt å få litt sjølvtillit i eit slalåmrenn, seier han. Men sundag var han uheldig att, og køyrde ut i fyrste omgang.

Joachim Jagge Lindstøl (Heming IL) vann laurdagens slalåmrenn og Bjørn Brudevoll (Hemsedal IL) vann sundag.

Håpar på VM-billett

Sjølv om slalåmforma har lugga litt i dei fyrste renna, er Vøllo fornøgd med eigne prestasjonar i storslalåm. Målet denne sesongen er å forbetre FIS-punkta i begge greinene, slik at han kvalifiserer seg til å køyre europacup.

– Eg må reise på renn der det er gode løparar. Det blir nok fleire turar til Sverige, for i Norge er det vanskeleg å forbetre FIS-punkta, seier han. Hovudmålet denne sesongen er å få køyre junior-VM i Åre i Sverige i mars.

– Det er knallhard konkurranse. Det blir ein rein bonus viss eg blir tatt ut, seier Vøllo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øvst på juniorpallen

Birgit Kinneberg (Hemsedal IL) var best av dei lokale jentene laurdag. Ho køyrde inn til fjortandeplass, men hadde best tid av juniorane, løparar frå årsklassane 1999 og 2000.

– Me konkurrerer mot løparar frå alle årsklassar. Det skal litt til å ta steget opp på pallen, men det var stas å kome øvst på juniorpallen, seier ho. Dagen etter var ho ikkje like heldig. Sundag køyrde Kinneberg ut i fyrste omgang, i eit renn som vart vunne av Kristiane Bekkestad (Ål IL). Andrea Skaaland Larsen (Hemsedal IL) køyrde ut i andre omgang laurdag. Sundag kom ho på 40.-plass. Rikke Tviberg (Geilo IL) deltok også, men køyrde ut både laurdag og sundag.

Det var ikkje berre dei lokale jentene som strevde med å fullføre løypa. Det var mannefall også i herreklassa. Sundag var det berre 27 av til saman 140 løparar som fullførte to omgangar utan å køyre ut.