Ein travel dag
Julaftan vart Hallingdølen med sokneprest Jan Olav Skinnemoen på gudstenesterunde.
Klokka er 14, og Jan Olav parkerer utanfor Herad kyrkje og går trappa opp til sideinngangen og inn i sakristiet. Ein halvtime før gudstenesta er det alt fullt av folk og bilar.
Vel inne i varmen går han gjennom programmet med kantor Justin Vickery og kyrkjetenar Knut Ole Klepp, før han pakkar opp den kvite stolaen. Han finn fram preika han har skrive. Med unntak av eitt år, har han halde julegudstenester sidan 1983.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No håpar eg me har alt under kontroll, smiler han.
Grublar
– Er det vanskeleg å finne på noko nytt å snakke om kvart år?
– Ja, ein må fornye seg litt, finne ein aktuell innfallsvinkel. Det er jo den same juleforteljinga kvar jul, heldigvis. Men å vinkle den same forteljinga på forskjellige måtar år etter år, er utfordrande, fortel soknepresten.
Han tenkjer mykje på kva han skal prate om.
– Det er ikkje slik at du resirkulerer gammalt materiale?
– Nei, det har eg aldri gjort, ler han, og held opp arket.
– Her står det 2012, forsikrar han.
På direkten
Herad kyrkja er fylt til randa, og ekstrastolar er sett fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er klart det er inspirerande og veldig moro når det er full kyrkje. Det er alltid moro å sitje her og høyre summinga uti kyrkja. Det er noko spesielt med denne kvelden. Mykje forventingar og kjensler, glede og sakn.
Det nærmar seg 14.30. Jan Olav verkar roleg der han sit ved bordet i sakristiet.
– Du blir ikkje stressa?
– Eg kan vel verke roleg utad, men me går jo alltid på direkten, smiler han.
– Eg ønskjer jo at folk skal ha ein fin kveld og ei god oppleving i kyrkja. Mykje er tradisjon. Det er noko med at ein skal kjenne seg heime, fortel han.
Aktivitet
Etter salmar, bøn, lovsong, preike, kunngjeringar og musikalsk innslag frå Nikita og Isabelle Eggen, vil presten ha heile kyrkjelyden med på allsong – med rørsler.
– Me gjorde dette i fjor og, så då blir det vel ein tradisjon, seier han, og får alle til å synge den barnevenlege songen han har lært av dottera si, «På vei til Betlehem», med presten som forsongar.
– Så ønskjer me kvarandre god jul når eg tel til tre, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Goood juuul!
På sparket
Ei unnagjort, ei att. Han har litt over ein halvtime på seg til neste gudsteneste. Inn i sakristiet, av med stolaen, på med vinterskoa. Etter ein kjapp gjennomgong av sjekklista, tek han kofferten i handa og går ut for å skrape is av bilen.
– Me har god tid no, seier han blidt, etter å ha fått mange helsingar på parkeringsplassen.
– Har de nokon gong gått skikkeleg gale?
Han ler godt.
– Ja, når du fyrst spør!
Det var fyrste gongen han skulle halde julegudsteneste i Hallingdal, nærmare bestemt i Hemsedal kyrkje. Preika trudde han at han hadde lagt på preikestolen. Då han gjekk opp dit, var den ikkje å sjå.
– Eg gjekk ned att og inn i sakristiet. Sjekka lommer og fann den ikkje. Eg tenkte at eg kunne ikkje vera borte så lenge, det fekk stå til. Så eg gjekk opp på preikestolen, eg visste jo kva eg skulle prate om. Det gjekk vel greitt, men eg er vanlegvis litt avhengig av manus, ler Jan Olav.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tradisjonar
Vel framme ved Gol kyrkje har han fått reservert parkeringsplass. Elles ville det vore vanskeleg.
Under preika fortel han om korleis NRK fekk merke protestar på at dei ville kutte Disney-filmar i jula. Han høyrde også på radio at nokon meinte «Grevinnen og hovmesteren» var gått ut på dato.
– Ein skal ikkje tukle med tradisjonane. Eg håpar at dersom nokon ville endre på juleevangeliet, ville det også kome protestar og Facebook-grupper for å behalde det, seier han frå preikestolen.
Etter å ha sunge dei same salmane, høyrt julesongar frå Stine Flaget og Øystein Holtmon og fått med heile gjengen på rørslesongen, ønskjer han alle ein fin julekveld.
– 1-2-3: GOOD JUUL!