Fulle personar laga bråk
Politiet hadde hendene fulle med fyllebråk natt til sundag.
Politiet måtte natt til sundag rykkje ut på grunn av bråk fleire stader i Hallingdal.
Det starta med ein lokal mann i 40-åra som slo seg vrang på ein serveringsstad i Nesbyen ved 21-tida. Mannen var full og kranglete, og nekta å fjerne seg frå staden. Etter kvart vart han bortvist av politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rett før klokka to var det på nytt bråk på ein utestad i Nesbyen. Ein berusa, lokal mann i slutten av 30-åra roa seg ned før politiet rakk fram til staden.
På same tid var det meldt om amper stemning på ein utestad i Gol. Ein person var også teken på fersken då han prøvde å bruk falsk legitimasjon. Personen er anmeldt.
Like etter klokka to fekk politiet melding om ein overstadig berusa person i Hemsedal. Politiet rykka ut, og geleida personen attende til rommet sitt.
Då klokka nærma seg tre måtte politiet rykkje ut til husbråk i Nesbyen. Dei involverte personane vart etter kvart forlikte, og ingen er anmeldt.