Levande legender
Smokie leverte på Hallingmarken.
Sjølv om konserten var ein halvtime forsinka og det øsa frå himmelen, var det fullt framom scenen på Hallingmarken laurdag kveld. Alle for å sjå at det britiske bandet Smokie endeleg spelte i Hallingdal.
– Eg har digga Smokie så lenge eg kan hugse. Ja, eg trur eg var fem år då far min sette på «Living next door to Alice» og sa det var min song, minnest Alice Tollefsen. Ho har tatt turen frå Dagali for å få med seg legendene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Smokie
For mange vaksne var det stort å sjå bandet og høyre musikken frå ungdomstida på 70-talet, men det var også fleire unge blant publikumet.
– Eg synest det er bra eg, seier Teodor Banggren. Det var far hans som introduserte musikken til han, og god musikk er bra uansett om det er nytt eller gamalt.
– Ungane våre likar Smokie kjempegodt, smiler Irene Johanssen. Ho gler seg til endeleg å sjå dei store stjernene live. Kanskje skal ho spørje om nokon autografar etter konserten.
– Eg spelar framleis Smokie på full guffe i bilen når eg skal ut og køyre, smiler ho.
– Ja, ein føler seg 20 år igjen når ein høyrer dei, legg venninna Alice inn.
I det britane entra scenen, lysna vêret opp og ei låg kveldssol skimta i det fjerne. Publikum vogga i takt med musikken, tallause telefonar var i lufta for å få med minnet heim.
– Eg hadde site heime i kveld om det ikkje var for desse, smilte Alice.
Fornøgde
Helge Jensen, sjef for Hallingmarken, er fornøgd med dagane på Nesbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Trass litt ruskevêr har det vore 15–16.000 menneske innom, så det er moro, fortel han sundag kveld. Han er glad folk trassa ruskevêret og vart med på moroa.
– Det letta utover kvelden, heldigvis, legg han til.
Ei anna glad dame me trefte laurdag kveld var Nina Gullingsrud. Ho sat i billettluka fredag kveld og fortalde om stor trafikk og kø ved inngangspartiet til langt opp til brua på Nesbyen.
– Det er eit kjempeliv, slikt er moro, smiler ho.