Ein må satse når ein set utfor Kuleløypa i Ål Skisenter. 70 barn og ungdom gjorde nettopp det under friskikonkurransen laurdag.
Ein må satse når ein set utfor Kuleløypa i Ål Skisenter. 70 barn og ungdom gjorde nettopp det under friskikonkurransen laurdag.

Jaktar suget i magen

Nervane var i høgspenn hjå barn og ungdom som laurdag sette utfor kuleløypa i Ål Junior Freeride.

FRISKI: – Åååh, det kriblar i magen! seier ein gut.

Han står på toppen av den såkalla Kuleløypa i Ål Skisenter, ein upreparert trasé med laussnø og bratte heng. Han er omgitt av likesinna – barn og ungdom i fargerike klede på twintip-ski, nokon med GoPro-kamera på hjelmen, som alle snart er klare til å teste friskiferdigheitene i den aller første Ål Junior Freeride-konkurransen. Startaren gir klarsignal. Den unge skientusiasten trekk pusten og slepp seg ut i henget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slår an

– Det er denne skikøyringa me er vakse opp med og som me synst er moro; ute i upreparerte løyper der me kan køyre fritt, seier Magnus Tveito.

Han er rennleiar og blant dei 10–12 frivillige som har gjort Ål Junior Freeride 2016 til ein realitet. Åsmund Thorsen, profesjonell skikøyrar, er hovuddommar. Knut Myking er konferansier. John-Håvard Grøgard og Vegard Breie er med og dreg i trådane. Karane har til felles at dei alle har vore aktive friskikøyrarar.

– Me arrangerer konkurransen for å auke rekrutteringa til frikøyringsmiljøet i dalen. Det er moro med så bra oppslutning. Me hadde håpt på opp mot 30 påmelde. Det vart 70. Det freistar til gjentaking når folk stiller opp og synst det er så moro, seier Tveito.

Uheldig switch

Eirik Stølen er i løypa. Den unge ålingen får liv i både konferansier og publikum når han hamnar i ein ufrivillig switch, bak-fram, og så vidt får snudd seg i rett retning att før han glir utfor eitt av stupa. Vel i mål nokre intense sekund seinare haustar han applaus og jubel.

– I dag hadde eg nervar i meg, eg var ikkje avslappa slik eg plar vere, og då eg fekk ein switch tenkte eg «å nei!», for det kjendest som rett før eg tryna, men så klarte eg meg. Det var flaks, pustar han ut i målområdet.

Stølen er ein av mange ungdom som køyrer i skisenteret på kveldstid og i helger, så ofte bakken er ope. Han køyrer både friski og i parken på jakt etter ei heilt spesiell kjensle.

– Det som er så moro er når du flyr eller har full fart og hoppar og du får eit sug i magen. Konkurransen i dag er veldig bra. Eg er glad for at eg får delta og ha det moro, seier Stølen.