Slik såg det ut inni den eine hallingstova då hytteeigaren kom på hytta laurdag kveld. Ein kvit varebil er no etterlyst av politiet.
Slik såg det ut inni den eine hallingstova då hytteeigaren kom på hytta laurdag kveld. Ein kvit varebil er no etterlyst av politiet.

Etterlyser kvit varebil etter hytteinnbrot

Sist helg vart det gjort innbrot i to hallingstover i Hemsedal. Store verdiar forsvann, truleg i ein kvit varebil.

Det er framleis byggjearbeid på tomta i Holdeskaret. To eldre hallingstover er sett opp, mens eit gamalt fjøs er under oppføring. Hytteeigaren hadde tatt dei to stovene i bruk, men nokon alarm hadde han endå ikkje fått i stand. Det angrar han sikkert på no, ettersom diverse kunst- og antikvitetsgjenstandar forsvann sist helg. Verdien blir ligg i området 150.000 kroner.

Nokon har brote seg inn gjennom vindauga, mest truleg mellom fredag klokka 19 og laurdag morgon. Vitne skal ha observert ein kvit varebil køyre frå staden på morgonkvisten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er dessverre det einaste sporet me har så langt, seier etterforskingsleiar Ole Tom Hovind ved Nes lensmannskontor. Politiet var sundag på staden for å gjere undersøkingar. Hytteeigaren har notert seg at det i tillegg til arbeid av kunstnarar som Kjell Nupen og Michael Kvium, manglar både verktøy, klede, sportsutstyr og ei kaffimaskin. Brennevinet hadde dei ubedne gjestene ikkje rørt stå. Hytteeigaren har no fått alarm.