Tekne med narkotika
To menn i 20 og 30-åra vart seint laurdag kveld arresterte av politiet i Gol. Dei to hadde mindre mengder hasj på seg. Mennene, som er frå Vestlandet, vart tekne med inn til avhøyr hjå politiet men sett fri etterpå, opplyser operasjonssentralen ved Nordre Buskerud politidistrikt.
Det vart oppretta sak på forholdet og dei to kan vente seg eit oppgjer med påtalemakta i etterkant.
Artikkelen held fram under annonsen.
Straffa for å bli teken med narkotika er anten ei bot eller fengselsstraff, avhengig av mengda narkotika som blir funne.
Dei to vart arresterte av politiet klokka 23.25 laurdag kveld.