Eivind Foss Morken er éin av tre hallingar som skal køyre Numdedalsrally. (Arkivfoto)
Eivind Foss Morken er éin av tre hallingar som skal køyre Numdedalsrally. (Arkivfoto)

Tre hallingar køyrer Numedalsrally

Laurdag blir tredje NM-runde i rally avvikla med Numedalsrally.

Startlista syner at tre førarar frå Hallingdal stiller til start. Geir Ingar Mythe, NMK Gol er påmeldt med Volvo 240, førebels utan kartlesar. Eivind Foss Morken, NMK Gol skal køyre Nissan Almera GTI, med Audun Vestenfor som kartlesar. Hallvard Sundqvist, NMK Nedre Hallingdal er påmeldt med Peugeot 309, med kartlesar Morten Gaptjern.

Artikkelen held fram under annonsen.

Numedalsrally er den siste av tre NM-rundar på vinterføre. Dei to fyrste var Mountain Rally 14. januar og Rally Elverum 28. januar. Det er påmeldt 104 startande i Numedal, det er klart meir enn i dei to fyrste rundane. I Mountain Rally var det 72 som starta, og i Elverum berre 66.