Kvedar i kyrkja
Med ein fersk kongepokal i bagasjen held Kvedarkvintetten konsert i gamlekyrkja i Hol.
Under Landskappleiken i Vågå i juni kunne Kvedarkvintetten gle seg over ein flott tredjeplass i open klasse. I tillegg sikra medkvedar Margit Myhr seg sjølvaste kongepokalen i kveding. Det inspirerer sjølvsagt, og tysdag held dei fem syngande systrene konsert i Hol gamle kyrkje.
Tre blad Myhr og to blad Liahagen gjer ein solid innsats for å ta vare på den vokale folkemusikktradisjonen i Hallingdal, og lokkar med ein variert konsert. Her blir det alt frå fartsfylte songar, via unison låttetralling, til fleirstemte og lyriske viser.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sina, Helga og Margit Myhr, og Silje og Tonje Risdal Liahagen kjem frå Torpo. Dei er det tredje damelaget ut i sommarens konsertrekkje i Hol gamle kyrkje. Sunniva Fossly og Tonje Halbjørhus har alt halde konsert, mens serien blir avslutta neste tysdag med Frøy Hovland Holtbakk.
Konsertane i gamlekyrkje har vore eit populært innslag dei siste 15 somrane.