Petter Braaten og Sveinung Hansen lagde tre rettar på 30 minutt saman med sine assistentar Jim Weiss og Solveig Hvammen.
Petter Braaten og Sveinung Hansen lagde tre rettar på 30 minutt saman med sine assistentar Jim Weiss og Solveig Hvammen.

Soknepresten best i kokkekampen

Sokneprest Sveinung Hansen kokkelerte seg til topps i kokkekampen under Norsk Matglede på Geilo laurdag.

Før start frykta Hansen meir kokkerot enn kokkekamp medan motstandaren hans, Statens naturoppsyns mann i Hol, Petter Braaten, planla å ta det på rutinen.

Men til slutt var det soknepresten som vart kåra til den beste kokken, både av kjendiskokk Frode Aga og publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spente kokkar

Som vanleg var det mykje folk i Geilos sentrum då den tolvte matfestivalen vart arrangert.

Og midt i gågata stod mange ringside då dei to lokale hobbykokkane utkjempa bataljen over grytene. Braaten hadde fått med seg tidlegare kjøkensjef på Dr. Hols hotell og geiloamerikanar Jim Weiss. Hansen med Solveig Hvammen, som turistsjef og speaker, Pål Knutsson Medhus, hanka inn på gata berre minutt før konkurransen starta.

– Eg gler meg til dette. Berre eg får dei rette råvarene, går dette bra, meinte Braaten.

Som vanleg var det mange som ville både smake og kjøpe mat i salsbuene.
Som vanleg var det mange som ville både smake og kjøpe mat i salsbuene.
Det var fullt med folk i Geilo sentrum laurdag.
Det var fullt med folk i Geilo sentrum laurdag.

Hansen hadde kjend presset i fleire dagar.

– Eg har ikkje sove på eit par dagar no, sa han.

Tre rettar

Nervøse, men fatta gjekk matenstusiastane til verket.

Reglane var enkle: På 30 minutt koketid skulle dei lage tre rettar til ein person. Forrett, hovudrett og dessert. Braaten og Weiss gjekk for fisk til forrett medan Hansen og Hvammen satsa på lokalt kjøt. Hovudretten var ytrefilet av lam. Som dessert satsa Braaten og Weiss på crêpes, pannekaker med karamelliserte plommer medan Hansen og Hvammen laga det dei kalla tilslørte stølspiker. Midt oppe i køyret vart dei stadig avbrote av ein innpåsliten speaker. Men dei rakk akkurat å fullføre rettane før tida var ute.

– Ingrediensar frå oven

Sigerherren var det publikum som skulle avgjere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men fyrst var det fagdommar Frode Aga, sjefskokk på Hallingstuene og med erfaring frå kokkekamp i NRK fjernsynet, som skulle avsi sin dom. Og Aga smakte – og Aga var fornøgd med det dei to laga hadde prestert.

– Uavgjort på lammekjøtet, konkluderte han for han gjekk vidare til forretten.

Då svinga pendelen i retning Hansen og Hvammen – og den leiinga held seg gjennom dessertsmakinga.

– Eg kjende nokre av ingrediensane var frå oven. Eg går for presten, sa Aga,

Det gjorde publikum også.