Julemoro i fjellet
Ungane jublar og folk storkoser seg i vinteridyllen Hallingdal i romjula.
- Me er veldig fornøgd, seier dagleg leiar i Nesbyen Alpinsenter, John Fredrik Nordby.
Mens snøen lava ned nyttårseftan kunne han berre gni seg i hendene over ein fabelaktig god jul- og nyttårstrafikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har ein auke på 40 prosent frå i fjor, seier han.
Stor trafikk
Han er ikkje aleine om å juble over all snøen og den store trafikken.
I heile Hallingdal blir det meldt om uvanleg mykje folk i fjellet. Det er gode tider både for skiheisene og overnattingsbedriftene.
I fjor var det mildt og dårlegare føre i fjellet. I år er det eit snørikt Hallingdal som har teke imot julegjestene.
Moro i snøen
- Me har det så moro, seier ungane som baser i snøen på Nystølen i Nes-fjellet.
Dei kastar seg utfor bakkene med kjelkene sine. Dei kan ikkje ha det betre.
Som John Fredrik Nordby seier det:
- Alle er jublande glade no.