Bjørneparken kjøpesenter er ei av nyetableringane i Flå siste åra. NHO sitt Nærings-NM for 2014 viser at det har vore flest nyetableringar i Flå, men verksemdene opplever ikkje vekst. (Arkivfoto)
Bjørneparken kjøpesenter er ei av nyetableringane i Flå siste åra. NHO sitt Nærings-NM for 2014 viser at det har vore flest nyetableringar i Flå, men verksemdene opplever ikkje vekst. (Arkivfoto)

Eit næringsliv midt på treet

Det er tett mellom butikkane i Hallingdal, men langt mellom dei som driv god butikk.

Hallingdal utmerkjer seg ved å ikkje utmerke seg spesielt i NHO (Næringslivets hovudorganisasjon) sin siste versjon av Nærings-NM.

I oversikta for siste ti år ligg regionen midt på treet, på plass 40 av 80. Men ser ein på rangeringa for 2014, vart det 46. plass. Det går altså ikkje rett veg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tett mellom bedriftene

Det mest positive for regionen først. Næringslivet er relativt stort sett i forhold til kor små kommunane og innbyggjartala er. Her ligg Hallingdal heilt i tetsjiktet i landet (11. plass). Det er særleg Gol, men også Hemsedal og Hol som trekkjer opp.

Veksten i mange lokale verksemder er også tolig bra. Her ligg Hallingdal blant den beste fjerdedelen i landet (21. plass). Nes og Hemsedal skårar best på dette området. Hemsedal får 17. plass. Vågå, Frøya og Klepp er best i vekstklassen. Verre er det for veksttilhøva i næringslivet i Hol, Gol og Flå.

Slit med lønsemda

Det er ei kjent utfordring at lønsemda for mange er svak. Knapt nokon region har så låg lønsemd i si næringsverksemd som Hallingdal. Det faktum at det er mange små verksemder, som dels konkurrerer med kvarandre, kan vere ei medverkande årsak. Ser ein siste tiårsperiode under eitt, ligg regionen på 68. plass, av totalt 80 regionar.

På 2014-rangeringa rykkjer Hallingdal ned til 77. plass. Berre Lofoten, Fosen og Setesdal er dårlegare stilt.

Fleire nyetablerte

Trass i dette er Buskerud eitt av dei meir lønsame fylka å drive næring i. Det seier ein del om dei ulike utfordringane næringslivet i fylket har, regionane i mellom.

NHO har denne gongen tatt inn over seg at olja gjer det vanskeleg å samanlikne alle landets regionar. 2014-tala er difor justert for slike bransjeulikskapar. Men Rogaland og Hordaland er vinnarar enten ein justerer for ein sterk oljesektor eller ikkje.

Næringslivet i Flå, Hemsedal og Nore og Uvdal har noko av den svakaste lønsemda i landet. Hemsedal er på jumboplass.

Trøyst

Då er det ei trøyst at ting ser ut til å vere på gang, i alle fall i Flå. Bygda har i 2014 best tal å vise til når det gjeld nyetableringar. Kanskje er det Thon-effekten som gir seg utslag? Skal ein tru NHO har ikkje dei andre kommunane her i området mange nyetableringar siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom ein skal lese nyetableringar som ein indikator på eit sunt og blomstrande næringsliv, er det bergensområdet, Oslo-regionen og Øvre Romerike som ligg i tet i landet. Dei tronar øvst på denne regionrangeringa. Nes er med å trekkje ned resultatet for Hallingdal på dette feltet.