Eksordførar Torleif T. Dalseide ser rådmann som ei uhyre spennande stilling. (Arkivfoto)
Eksordførar Torleif T. Dalseide ser rådmann som ei uhyre spennande stilling. (Arkivfoto)

Tidlegare ordførar vil bli rådmann i Ål

Torleif T. Dalseide som var ordførar i Ål dei to føregåande periodane, er blant søkjarane til stillinga som ny rådmann i kommunen.

Rådmannsstillinga har vore lyst ledig frå 1. juni, når Bjørgulv Noraberg sluttar. Det har meldt seg åtte søkjarar til den utlyste stillinga. Desse er:

* Tone Bakken, 46 år, prosjektleiar, Oslo

Artikkelen held fram under annonsen.

* Torleif T. Dalseide, 53 år, sjølvstendig nær. drivande, Ål

* Tone Tveito Eidnes, 59 år, rådmann, Kinsarvik

* Ørjan Raknes Forthun, 43 år, rådmann, Måløy

* Henning A. Frantzen, 44 år, oberst, Ål

* Wenche Martinsen, 53 år, butikkpersonell, Drammen

* Morten Mastrup, 43 år, økonomisjef, Geilo

* Alexander Ytteborg, 40 år, seksjonsleiar, Nesbyen.

Comeback?

Torleif T. Dalseide rydda kontoret og forlet kommunehuset i Ål etter valet i september. Berre eit halvt år seinare signaliserer han interesse for å vende tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei veldig spennande stilling som er lyst ut, så eg bestemde meg for å leggje inn ein søknad. Men eg ser det er veldig mange sterke søkjarar, så det vil vise seg kor langt det rekk, seier han.

Han avviser at dette var noko han hadde i bakhovudet alt då han sa nei til å stille til val att til kommunestyret. Det skjedde like etter nyttår 2011, tanken om å søkje rådmannsstillinga kom fyrst då han såg utlysinga i vinter.

– Det er ei utfordrande og svært spennande stilling. Det er samfunnsutvikling og inneber å leie ein organisasjon som eg etter kvart har vorte godt kjend i. Og som eg synest fungerer godt, seier han.

Rask avgjerd

I tillegg til å drive gard, har Dalseide sidan nyttår vore dagleg leiar i Kleivi næringspark, i 50 prosent stilling.

Avtroppande rådmann Bjørgulv Noraberg fortel av fyrste intervjurunde med søkjarane startar alt komande veke. Saka kjem så til formannskapet 16. april, før kommunestyret gjer den endelege tilsetjinga av ny rådmann 19. april.