Debatt: Nynorsk – dialekt
Alle skulane på Osterøy hadde nynorsk som skriftspråk då eg vaks opp. Eg tykkjer nynorsk er eit vakkert mål. Me prata sjølvsagt dialekt. Vart mobba for «strilemålet» då me kom til by`n, Bergen. Tok ikkje det særleg tungt. Syns det er viktig at alle held på sin dialekt. Alle har sitt særpreg, og har med identitet å gjera. Poesi-dikt kling finast på nynorsk.