Bråstopp mot hyttevegg

Ein bilførar frå Geilo kolliderte med ein hyttevegg.

Han hadde køyrt frå Geilo over Hardangervidda på Rv7 og til Maurseth i Hordaland. Tre timar etter at køyringa var avslutta hadde han 1,77 i promille. Han hadde heller ikkje gyldig førarkort.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hallingdal tingrett er han dømt til fengsel i 24 dagar og 30.000 kroner i bot. Han får ikkje ta førarkort før det har gått to år. Retten slår fast at køyring på riksveg over ein så lang strekning har eit betydeleg skadepotensial.