Det var i denne maskina det brann sist torsdag. Brannen har ført til store skader i øvre del av maskina, og alle dei tre pipene som går ut gjennom taket. Både vegger og tak i rommet rundt er også fulle av sot.
Det var i denne maskina det brann sist torsdag. Brannen har ført til store skader i øvre del av maskina, og alle dei tre pipene som går ut gjennom taket. Både vegger og tak i rommet rundt er også fulle av sot.

- Håpar å starte opp att til hausten

Det er førebels full driftsstans på Hallingdal Trepellets etter brannen sist veke. Truleg vil det gå to-tre månader før produksjonen kan starte opp att.

Det var torsdag sist veke at brannmannskap frå fire stasjonar rykte ut på melding om brann i fabrikkbygget til Hallingdal Trepellets i Kleivi. Til saman 50–60 mann arbeidde på spreng for å sløkke brannen.

Fekk kontroll

Det vart ein hektisk dag for brannmannskapa. Ei tid frykta dei at brannen skulle spreie seg til andre bygg via luftekanalane. Men etter eit par timar melde brannsjef i Hol, Pål Bjerke, at dei hadde kontroll. Fem-seks tilsette ved fabrikken vart sjekka for røykskader, men elles vart det ikkje meldt om alvorlege personskader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Starta i ei maskin

Brannen skjedde inne i sjølve tørka – ei stor maskin der treflisa blir tørka med varmluft frå Hallingdal Renovasjon, før materialet blir male opp og pressa til pellets. Det var driftsstans på grunn av vedlikehald då brannen skjedde, og difor var tørka tømd for flis.

– Me tømmer alltid tørka sjølv om me berre skal stoppe produksjonen for ei kort stund, på grunn av brannfare. Men ein får aldri tømd ho heilt, ettersom det alltids blir liggande att fint trestøv som ein ikkje får ut. Det blir ekstremt tørt, så det er lite som skal til. Truleg skjedde det ein støveksplosjon som gjorde at det begynte å brenne, seier Helge Torsgard, dagleg leiar i Hallingdal Trepellets.

Tørka har tre pipar som går opp og ut av taket, og som alle har fått store brannskader. Då brannen stod på regna det gnistar frå pipene som ein frykta skulle starte fleire brannar på området. Men ettersom brannmannskapa fekk god kontroll på brannen, rakk han aldri å spreie seg. Såleis er det berre tørka, og rommet rundt maskina, som er skadd.

Pipene vart skadde og deformerte av den høge varmen frå brannen.
Pipene vart skadde og deformerte av den høge varmen frå brannen.
Utanfor fabrikken ligg haugevis med tømmer som truleg ikkje blir til pellets før til hausten.
Utanfor fabrikken ligg haugevis med tømmer som truleg ikkje blir til pellets før til hausten.
Kring 50–60 mann var i sving under sløkkingsarbeidet sist veke.
Kring 50–60 mann var i sving under sløkkingsarbeidet sist veke.

Håpar å starte opp att til hausten

Det er førebels full driftsstans på fabrikken i Kleivi. Truleg vil det gå to-tre månader før produksjonen kan starte opp att. Fabrikken brukar eigne tilsette til riving og rydding der brannen har herja. Men sjølve tørkemaskina treng delar som det ikkje er så lett å få tak i.

– Situasjonen no er at fabrikken står. Det vart ein del skader i lokala der me tørkar flis. Me veit ikkje når me kan starte opp att. Truleg er det snakk om to-tre månader, seier Torsgard. – Me må fyrst rive det som er øydelagt, og bestille nye delar. Ettersom det er ferietid, og somme av delane må bestillast frå Sverige, så vil det ta tid å få tørka i gang att, legg han til.

Skal klare å levere

I mellomtida må dei truleg kjøpe inn pellets frå andre fabrikkar for å levere til kundar som treng pellets no i sommar.

– Me skulle eigentleg brukt sommaren til å produsere pellets og bygge opp lageret til vinteren. Samstundes hadde det vore verre om dette hadde skjedd på den travlaste tida, i januar, til dømes. Me skal klare å få levert pellets til dei som treng det no.

Dette er den fjerde brannen på pelletsfabrikken. I 2007 brann fabrikken ned til grunnen, kort tid etter at han vart opna. Eitt år seinare brann det på nytt, då i ein silo. Sist gong det brann, i 2010, vart to brannmenn lettare skadde då ein pelletsilo eksploderte.