Hemsedal auka mest i januar med 14,7 prosent til 67.600 overnattingar. I Hol var auken 13,9 prosent, og statistikken fortel om godt og vel 36.000 overnattingar.
Hemsedal auka mest i januar med 14,7 prosent til 67.600 overnattingar. I Hol var auken 13,9 prosent, og statistikken fortel om godt og vel 36.000 overnattingar.

Så mange turistar har overnatta i Hallingdal i vinter

Turistbedriftene i Hallingdal fekk ein god start på vintersesongen.

Sviktande gjestedøgntal i fjor vart avløyst av plusstal i januar. Tala berre stadfestar inntrykket av ein svært god vintersesong.

Den gode vinteren heldt fram i februar. Statistisk sentralbyrå publiserte fredag tal som viser ein rekordhøg tilstrøyming til norske overnattingsstader. I januar og februar var det fire prosent fleire overnattingar enn i same periode i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode tal

Tala for februar er ikkje delt opp kommunevis enno.

Men dei kommunevisetala for januar ligg føre. Dei viser at Hallingdal hadde ein samla auke i kommersielle overnattingar i hotell, camping og hyttegrender 12,6 prosent, eller godt og vel 14.100 fleire overnattingar enn i januar 2017. Samla var det 126.080 overnattingar i Hallingdal i januar.

Hemsedal auka mest med 14,7 prosent til 67.600 overnattingar. I Hol var auken 13,9 prosent, og statistikken fortel om godt og vel 36.000 overnattingar. Gol hadde ein auke med 4,6 prosent til vel 17.000 overnattingar. I Ål var auken 5,7 prosent til dryge 4200 overnattingar. I Nes og Nore og Uvdal er ikkje hotellovernattingane registrert, men overnattingane i camping og hytter auka med 5,7 prosent i Nes mens den gjekk ned med heile 39 prosent i Nore og Uvdal.

Veke

I januar gjekk dei samla hotellovernattingane i Hallingdal opp med 10,6 prosent. Camping og hyttegrender auka med 14 prosent, og det var også flest overnattingsdøgn her, 75.022 mot 51.058 i hotell.

Det var flest nordmenn som overnatta på turistebedriftene i januar, 63.907, som var ein auke på 14,9 prosent, men utlendingane var hakk i hæl med 62.173 gjestedøgn. Det var ein auke på 10,4 prosent.