Sokna-Ørgenvika er i rute
Arbeidet med ny Rv7 går etter planen.
Det er litt over eit år sidan bygginga av ny Rv7 mellom Sokna og Ørgenvika tok til.
I september køyrde det fyrste toget inn i den nye jernbanetraseen i Sokna, og dermed var det fyrste elementet i utbygginga av den nye vegen teke i bruk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ved utgangen av oktober var mykje av grovarbeida gjort på strekninga frå jernbanekryssinga i Sokna til enden i Ørgenvika. Det meste av arbeidet med fyllingar og skjeringar er gjort unna heilt fram til Rallerudtunnelen, og entreprenørane håpar å kunne leggje dei fyrste asfaltlaga her før vinteren set inn for fullt.
Sprengingsarbeida i Rallerudtunnelen er unnagjort, og krysset ved Rallerud begynner å ta form.
Det står att noko sprenging i Ørgenviktunnelen.
Arbeida på Sokna tok til i haust. Neste sommar startar arbeide med å lage miljøgate og ny Fv178. Det kjem også ein ny betongtunnel her, som skal stå ferdig i løpet av juni 2014.
På denne tida skal nye Rv7 vera klar til bruk.