Sven Nordin.
Sven Nordin.

«Vandraren» blir film

Hytteinnbrot i Hallingdal blir film når historia om Vandraren skal festast til lerretet.

Den unge regissøren Henrik Dahlsbakken vil lage spelefilm om den herostratisk berømte bergensaren Vandraren som herja i norsk fjellheim for nokre år tilbake.

Vandraren gjekk frå hytte til hytte Hedmark, Oppland og Buskerud, braut seg inn, drakk opp det han fann av alkohol og grisa rundt i hytta før han stakk vidare. Han vart til saman dømt for over 700 innbrot, mange av desse i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hamar Arbeiderblad melder at skodespelar Sven Nordin er signert for hovudrolla, og at Dahlsbakken elles har fått med seg mange sterke skodespelarar på rollelista. Tuva Novotny spelar politikvinna. Lia Boysen er klar, saman med Stein Winge og Ingar Helge Gimle. Regissøren vil også ha Anders Baasmo Christiansen.