Fleire hallingar vart kretsmeistrar
Hallingane hevda seg i toppen då KM-fellesstart gjekk på arenaen til Svene i helga.
Skiskyting: Geilo fekk to klassevinnarar på Stevningsmogen laurdag.
Åsne Skrede har imponert heile sesongen og laurdag var ikkje noko unntak. Med fem bom på dei to skytingane, heldt geilojenta høg fart i sporet og gjekk i mål knapt føre andreplassen i tolvårsklassen. Mari Kvanneberg Lindmo frå Ål skaut fullt hus på begge skytingane og sikra tredjeplassen, berre seks sekund bak Skrede. Sundag gjekk jentene normaldistanse i Buskerudcupen, også då gjekk Åsne til topps, medan Mari sikra ein ny tredjeplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
På pallen
I 16 års klassen vart det også kretsmedalje til hallingane.
Mari (Ål SSL) vart nummer to, 39 sekund bak Mathilde Hustoft frå Asker.
Katrine Seim har vore suveren av fjortenåringane i vinter, men gjekk ikkje fellesstart laurdag. Sundag vann ho normaldistansen i Buskerudcuprennet på same arena. Då tok Vilde Friis-Hagen andreplassen i klasse 13 år.
Meistrar
Også gutane gjekk fort på Stevningsmogen i helga.
I klasse 15 år har Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo halde høg fart i sporet heile vinteren. Trass i to bom på fellesstarten vart han kretsmeister på fellesstarten etter sekundstrid med to andre løparar. Frå Fjeld Andersen på topp skilte det berre tre sekund til Martin Bjørndalen Mathisen (Simostranda IL) på andreplass, og fire sekund til Torstein Wiiger frå Lier. Begge desse hadde ein strafferunde mindre og vart slått i sporet av geilingen.
Dei yngre løparane gjekk også fort. 11-åringen Rasmus August Schiellrup vann sin klasse laurdag, med Lars Lysåker på andreplass, 43 sekund bak klubbkameraten. Sundag vart Lysåker nummer tre på normaldistansen. Då gjekk Øystein Markegård også eit godt løp og vann 13 års klassen.