Demonstrasjon i Hemsedal for kvinners rettstryggleik
Lista over stader som måndag ettermiddag skal demonstrere for norske kvinners rettstryggleik blir berre lengre og lengre.
Saka der tre menn er frifunne av lagmannsretten for å ha dopa ned og gjengvaldteke ei 18-år gamal jente i Hemsedal, har vekt engasjement over heile landet og sett søkjelys på det norske rettsapparatet.
Straffefridom for valdtekt?
– Er det straffefridom for valdtekt i Norge, spør Kvinnefronten. Saman med tilslutta organisasjonar og aktørar oppmodar dei om å gå ut for å demonstrere for betre rettstryggleik for kvinner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måndag ettermiddag blir det arrangert demonstrasjon både i Oslo, Bergen, Stord og Tromsø. No har også Trondheim, Stavanger, Haugesund, Lærdal og Hemsedal kome på lista over stader som skal demonstrere for kvinners rettstryggleik.
– Håpar å sjå deg i Hemsedal
Frå klokka 19 måndag kveld skal folk samlast ved Spar, bak Hemsedal Kafé.
Her skal mellom anna Karianne Huseby frå Hallingdal krisesenter, Andreas Smith Erichsen, Skistar, Gry Herland som også er konferansier under arrangementet, Otilie Røer Tvedt for Hallingdal Ungdomsråd og Ungdommens Fylkesting i Buskerud og ordførar i Hemsedal Oddvar Grøthe halde appellar.
#jegstårmed
– Me håpar å sjå deg i Hemsedal og sett umåteleg pris på at de inviterer og delar arrangementet, skriv initiativtakarane Mona Gulsvik, Sølvi Vissebråten og Inger Helen P. Jacobsen på Facebook-sida for arrangementet.
Dei skriv at det er når slike saker kjem fram i media me forstår det er tilnærma staffefriheit for valdtekt i Norge. Tal frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) i 2014, syner at heile 9.4 prosent av norske kvinner blir valdtekne. Halvparten av dei er under 18 år. I tillegg er det berre elleve prosent som melder overgrepa til politiet.
– Det er ikkje ein rettsstat verdig at menn kan valdta kvinner straffefritt, sjølv med overveldande bevis som det er i denne saka. Me krev rettstryggleik for kvinner, skriv arrangørane.