Papirlaust- også i Nes?
Nes-rådmannen vil kutte ut dei tradisjonelle saksdokumenta på papir.
I ei forslag til Nes kommunestyre foreslår rådmann Else Horge Asplin å bruke 200.000 kroner på å kjøpe iPad nettbrett til medlemmer, varamedlemmer og administrasjon i kommunestyre og hovudutval.
Dette er ikkje noko rådmannen har funne på sjølv. Å bytte ut papiret med elektronisk distribusjon av sakspapir er ein regional strategi.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Krevjande i starten
– Me sparar både kostnader og miljø. No produserer me mykje på papir, det krev arbeid og er kostbart, seier rådmann Else Horge Asplin.
– Du er ikkje redd for at dette kan verke skremmande på representantar som ikkje er spesielt datakunnige?
– Det kan verke skremmande, og me har derfor vore i tvil. Samstundes veit me frå andre kommunar som har innført dette at det fungerer bra. Ein moglegheit hadde vore å sende ut saksdokumenta på papir til dei som ønskjer det. Men då hadde det vorte dobbelt arbeid. Me måtte ta eit val. Men eg ser at det i starten kan bli krevjande å leggje om arbeidsmåten.
Ingen endring
– Korleis vil publikum merke dette?
– Det er berre politikarane som får sakspapira på nettbrett. Publikum vil finne saksdokumenta på nettet som no, seier Else Horge Asplin.