Desse dyra har ikkje tilknyting til saka. (Arkivfoto)
Desse dyra har ikkje tilknyting til saka. (Arkivfoto)

Omringa av kyr – ringde politiet

Ei fortvila kvinne i Hemsedal ringde politiet.

Ho bad om hjelp fredag morgon. For som ho sa: Ho var omringa av kyr.

Ikkje mindre enn tretten i talet. Og kvinna visste ikkje annan råd enn å ringe til politiet. Ei patrulje som var i Hemsedal på dette tidspunktet vart varsla, og den var klar til å rykke ut til kvinna og kyrne då ho varsla om at faren var over. Ho hadde kome seg velberga ut av kuflokken.