Norsk håp om semifinale i EM
Det norske J17-landslaget vann 1–0 over Irland fredag og held liv i håpet om semifinale i EM.
Fotball: Ei scoring i sluttminutta var nok til at Norge framleis har håp om å nå semifinalen i EM for J17-landslag i Tsjekkia.
Uvdals-jenta Emilie Bølviken kom ikkje på banen i skjebnekampen mot Irland fredag. Også i opningskampen mot Nederland som Norge tapte 3-1, måtte ho sitja på innbytarbenken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var Rikke Bogetveit Nygaard frå bergensklubben Arna-Bjørnar som vart matchvinnar og scora vinnarmålet etter 77 minutt.
Norge møter England i siste gruppespelkampen måndag. Der må dei norske jentene ha poeng og truleg vinne for å bli blant dei to beste som går til semifinalen i EM.
England slo Irland 5–0 i opningskampen og har betre målforskjell enn Norge. England møtte Nederland etter at Hallingdølen gjekk i trykken fredag.