Med Trytetjern som base lovar folkehelsekoordinator i Nes kommune, Katrine Skalleberg, morosame aktivitetar under kommunens aktivitetsleir i sommarferien.
Med Trytetjern som base lovar folkehelsekoordinator i Nes kommune, Katrine Skalleberg, morosame aktivitetar under kommunens aktivitetsleir i sommarferien.

Gratis ferietilbod til nesningsborn

Siste veka i sommarferien arrangerer Nes kommune aktivitetsveke for elevar frå 3.–5. klasse.

Det er fyrste gong Nes kommune har eit ferietilbod til skuleborn veka før skulestart.

Og aktivitetsveka er gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tanken bak er å gi born eit anna ferietilbod enn til dømes ei fotballskule, seier folkehelsekoordinator i Nes kommune, Katrine Skalleberg.

Ingen utstyrskrav

Det er i siste veka i sommarferien, frå 8. til 12. august, det skal skje.

Og arrangøren lovar fem dagar fullstappa med opplevingar. Med det idylliske Trytetjern-området som base dei fleste av dagane blir det eit variert program med flåtebygging, klatring, taubane, terrengsykkelkurs, bading og riding med røynde instruktørar for å nemne noko. Ein av dagane er Nes folkebibliotek base med forteljarkurs og Nes-meisterskap i LUDO. Det vil også vere tid til å drive med eigne aktivitetar eller rett og slett berre slappe av.

Jørund Li er felles folkehelsekoordinator i Hallingdal.
Jørund Li er felles folkehelsekoordinator i Hallingdal.

– Poenget er at det skal vere eit artig aktivitetstilbod. Det er ikkje krav om å ha så mykje utstyr. Og det ein manglar, kan ein låne, seier Skalleberg.

God interesse

Nes kommune er arrangør.

Til aktivitetsveka har kommunen fått 100.000 kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det er 30 plassar kvar dag, og ein kan melde seg på ein eller fleire dagar. Siste frist for påmelding var sundag. Og interessa for det nye tilbodet er stor blant Nes-borna. Like før helga var det god påmelding alle dagar.

– Det har vore god respons. Det er artig, seier Skalleberg.

Folkehelse

Aktivitetsleiren inngår i kommunens folkehelsearbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkehelselova frå 2012 gir kommunane ansvar for innbyggaranes folkehelse. Det handlar både om førebygging og helsefremmande tiltak.

Aktivitetsleiren i Nes er i så måte eit helsefremmande tiltak.

– Det handlar om å fylle på med gode opplevingar. Statistisk gir mange gode opplevingar i barndommen gode føresetnader vidare i livet, seier Skalleberg.

Samhandlingsreforma frå 2012, og folkehelselova som følgde same år, understrekar at det er betre å arbeide for å bevare god helse framfor å reparere helseskadane. Difor foregår det langsiktige folkehelsearbeidet utanfor helsesektoren, som i barnehagen, i skulane, idrettsrørsla, innan frivillig arbeid eller på arbeidsplassen.

– Me må lage trygge og inkluderande lokalsamfunn med sosiale møteplassar og aktivitetstilbod for alle aldersgrupper og interesser. Folkehelse handlar om meir enn å springe ein time kvar dag og ete gulrøter, seier Skalleberg.

Styrke helsa

Folkehelsekoordinatoren i Nes arbeider også tett med sine kollegaer i Hallingdal.

Folkehelsearbeidet er organisert med at kvar kommune har sin eigen folkehelsekoordinator med Jørund Li tilsett i Hallinghelse som felles folkehelsekoordinator. Gruppa har jamlege møter og samarbeider om lokale tiltak. Fram til no har arbeidet retta seg særleg mot barn og unge. Det er også utarbeidd ein handlingsplan for felles folkehelsearbeid i Hallingdal. Målet er djervt: Skape eit samfunn som styrkar helsa til hallingane. Planen legg føringar for kommunanes daglege arbeid.

– For oss handlar det om å synleggjere kva som er felles innsatsområde i regionen. No er det viktig å forankre handlingsdokumentet i kommunane slik at det blir synleg i budsjetta. Me er i ein kritisk fase no. Me er samde om flotte ord, men det hjelper lite viss me ikkje ser det att i budsjetta, seier Jørund Li.