Damstuen til Valdres
Kristian Sagnes Damstuen sluttar som kommunalsjef i Gol.
Damstuen er tilsett som rådmann i Nord-Aurdal, etter Omar Dajani.
Damstuen har også tidlegare arbeidd i Valdres. Frå 2012 var han verksemdsleiar for teknisk og næring i Nord-Aurdal kommune, til han for eit års tid sidan tok jobben i Gol.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Rådmannsstillinga har eg ønskt meg lenge. Det er ein viktig seier for meg å få denne jobben, seier Kristian Sagnes Damstuen til avisa Valdres. Ordførar i Nord-Aurdal, Inger Torun Klosbøle, meiner kommunen har fått ein dyktig rådmann.