Tre avgjerande punkt for Leirin si framtid
Avinor må drive Fagernes Lufthavn Leirin vidare, sjølv om ruteflygingane blir avvikla frå 1. april 2016.
Det er avgjerande for at chartertrafikken skal kunne halde fram.
Vidare er det avgjerande for flyplassdrift at innflygingssystema blir verande på Fagernes. Alternativet er å basere seg på satellittar og meir fjernstyring. Dette vil kunne stengje ute fleire flytypar, noko som kan gjere charterturismen meir utsett.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg må eit nytt lysanlegg på plass. Det må skje innan 2017.
Det er Oppland Arbeiderblad som melder dette, etter at fylkespolitikarar i Oppland møtte rikspolitikarar på opplandsbenken på Stortinget nyleg.