Vil selje flyplassen
Kommunestyret i Hol følgde tilrådinga frå formannskapet:
Kommunen gjev styret i Geilo Lufthavn Dagali AS i oppdrag å selje flyplassen. Eigedommen på 499 dekar skal leggast ut for sal på den opne marknaden. Eit eventuelt sal skal leggast fram for generalforsamlinga til Geilo Lufthavn Dagali AS og godkjennast av Hol kommune. Flyplassen som vart opna i mars 1982 har vore eit millionsluk for kommunen, og årleg betaler kommunen 300.000 kroner i tilskot til Geilo Lufthavn Dagali AS. Den tekniske verdien er taksert til 15,5 millionar, marknadsverdien til 2,7 millionar.