Etterforsking. Politiet etterforskar to valdtektssaker i Hemsedal, stadfestar etterforskingsleiar Halvard Haraldset Jervell.
Etterforsking. Politiet etterforskar to valdtektssaker i Hemsedal, stadfestar etterforskingsleiar Halvard Haraldset Jervell.

Seks kvinner melde valdtekt

Politiet har etterforska seks meldingar om valdtekt i Hemsedal i vinter.

– Av desse er to saker framleis under etterforsking. Dei andre er koda om eller lagt bort, seier lensmann og etterforskingsleiar i Hallingdal/Nore og Uvdal, Halvard Haraldseth Jervell.

Alle sakene er knytt til uteliv og festing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr at dei involverte, vitne og ein eventuell sikta ofte er rusa. Dette er vanskelege saker reint bevismessig, seier Jervell.

Dop i festmiljøet

Dopet kjem med festkulturen i vintersesongen.

Rettssakene etter at tre menn vart tiltalt for gruppevaldtekt har vist kva som skjer. Det er partydop og andre narkotiske stoff i omløp i festmiljøet. 18 år gamle Andrea Voldum frå Lærdal vart beden om å ta ein tablett som ho ikkje visste kva inneheldt på eit nachspiel. Ho fekk ein hestedose av partydopet MDMA.

Det har kokt etter at dei tre mennene, som tok ho med til «harryhytta» og etterpå til ei campingvogn, vart frifunne for gruppevaldtekt.

Voldum var så neddopa at ho i verste fall kunne ha døydd. Dei tre mennene skifta på å ha seksuell omgang med henne i campingvogna. Ho har forklart at tabletten dei bad henne om å ta skulle gjere henne gladare. Dopet ho fekk sette henne heilt ut, og ho var ute av stand til å forsvare seg og yte motstand. Ho var livredd.

Ikkje overraska

– Eg er opprørt, men eg er ikkje overraska, seier ei jente som ringer Hallingdølen.

Ho tør ikkje stå fram, derfor er ho anonym. Men ho reagerer sterkt på frifinninga av dei tre mennene. For ho kjenner miljøet.

– Eg har vore innanfor i dette miljøet og sett det på nært hald. Det er kjent at enkelte tek med seg «kjærleik på pinne» til Hemsedal. Hensikta er å få seg eit «ligg», helst med fleire samtidig. Det er berre så forferdeleg trist at jenta i denne saka vart utsett for dei som driv med slikt, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei annan jente fortel at ho opplevde at ein av mennene som er frifunne helte eit stoff i drinken hennar på eit nachspiel i Oslo. I Borgarting lagmannsrett forklarte ei annan kvinne det same. Hallingdølen har vore i kontakt med forsvararen til den eine av mennene som er frifunne, Håkon Duesund. Han seier kort og kontant:

– Eg har ingen kommentar.

Seks saker

I løpet av vintersesongen 2015/2016 fekk politiet melding om seks valdtekter i Hemsedal. To av desse sakene er altså framleis under etterforsking. Ei tredje sak er lagt bort på grunn av bevisets stilling og eit forsøk på valdtekt er lagt bort. I ei sak er det teke ut tiltale for seksuell handling, og ei annan sak som vart koda om til seksuell handling er lagt bort etter bevisets stilling.

– 99 prosent av sakene som blir meldt som valdtekter er relatert til utelivet i Hemsedal. Men etterforskinga av slike saker kan vise at det ikkje dreier seg om valdtekt, men eit mildare brot på straffelova. Me veit også at det er mørketal, seier Halvard Haraldset Jervell.

– Overskjenking

– Veit politiet om det er vorte ein sport å dope jenter?

– Me har ikkje opplysningar om at det blir drive organisert. Det har elles ikkje vore mange tilfelle der nokon har meldt ifrå om noko slikt.

– Bør folk som ser noko mistenkeleg melde ifrå?

– Det er betre å seie ein ifrå ein gong for mykje enn ein gong for lite. Men det viktige er kva ein kan gjere for å førebygge. Blant anna for å sjå om det foregår overskjenking. Me meiner det skjer, og dette må følgjast opp betre, seier Jervell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regionlensmann og lensmann i Gol og Hemsedal, Brit Fyksen, seier at alle meldingar om valdtekt blir tekne alvorleg

– Desse sakene tek mykje ressursar. For me skal etterforske objektivt og så nøyaktig som mogleg, seier Brit Fyksen.

Dei tre mennene som er frikjent for gjengvaldtekt har fått mange trugsmål på sosiale media.

Dei er frikjent av lagmannsretten, men folkedomstolen har ikkje lagt saka død.

Ein av dei har fått beskjed om at viss han så mykje som viser seg i Hemsedal att, blir han teken, ifølgje forsvararen hans, Arne Seland. Bistandsadvokat Elisabeth Hagen seier at hennar klient ikkje har oppmoda til trugsmål.

– Ho har lagt ut sin kommentar saman med avisartikkelen i Hallingdølen, som klart fortel kva som vart resultatet i lagmannsretten, seier Hagen til Dagbladet. Ho legg til at det er trist om innlegget til jenta er årsaka til trugsmåla.

Ikkje berre namnet på dei tre mennene frå Oslo som er frifunne for gjengvaldtekt, men også bilete av dei er spreidd på sosiale medium. Advokat Håkon Duesund er forsvararen til ein av dei tre. På spørsmål frå Hallingdølen om korleis klienten hans reagerer på dei svært sterke reaksjonane, svarer Duesund: – Det vil eg ikkje uttale meg om.