Eigedomsskatt i Hol
Min gode ven, Knut Eide, har hatt fleire, somme vil seie, harmdirrande innlegg i avisa om dette temaet. Eg får ikkje heilt tak i alle hans poeng, men veit at han er ein klok mann. Eg deler nok mykje av hans tankar, sjølv om me sit på litt ulike haugar i den politiske «fauna». Det som eg syns er vanskeleg å forstå er ein heilheitleg tankegang, og ein heilheitleg konsekvensanalyse av ei innføring av eigedomsskatt. Om eg har forstått det rett, så er jord- og skogbrukseigedommar unnateke, tja, bortsett frå våningshuset på garden. Grunnlaget skal vera salsverdien på bygget då – hm, eit våningshus på ein gard kan ikkje seljast ...?
Men la no det liggje. Kva med andre næringseigedomar som f.eks. Dr. Holms hotel m.v. No veit ikkje eg kva promillesats som blir lagt til grunn for fastsetting av eigedomsskatten. Om denne er av ei viss størrelse, kan vel dei fleste turistbedrifter berre køyre ned til kommunehuset, og levere nøklane. Det er promillegrenser for å køyre bil, kanskje burde det også gjelde for å fatte vedtak i kommunestyret?
Artikkelen held fram under annonsen.
No er eg ikkje politikar, og nokon er sikkert glad for det, men ytringsfridomen har eg lell.
Gjer unntak for eigedomsskatt for all næringsverksemd! Viss ikkje så sagar me av den greina me sit på. Og kjære politikar, om du ikkje veit konsekvensen av det så veit eg om mange som ville tilby ei grein ...
Arne Gauteplass