Etter rideveg og gamle bruruinar
Onsdag 6. juli vert det ein liten gåtur med Ål historielag frå bruruinane ved Lya i Torpo og etter «holvegen», ridevegen mot Torpo stavkyrkje.
Dette var «allmannvegen» i mellomalderen, jamfør Ål bygdesoge. Så seint som i 1790-åra skreiv ein embetsmann at desse ridevegane skulle arbeidast opp så dei var farande etter, 4 alen breie (2,70 meter). Gulatingslova kravde dette. Testen var at om du reid midt i vegen med eit spjotskaft på tvers med ein laus ring i kvar ende, skulle ein kunne koma fram utan at ringane datt av om ein kom borti ei grein. Om så, vart det bot til grunneigar. Dette vart kalla å ri «baugreid» (kanterydding?).
Der vegen kryssa Lya ser ein far etter brukjer, truleg både frå ridevegen og frå køyrevegen som vart bygd i 1820-åra. Dette området var 1000-årsstaden til Ål kommune i 1997.