Går for heimesiger på isen
Hol stiller med fem løparar i sprint-NM, og alle er medaljekandidatar.
Det kan bli medaljedryss for arrangørklubben under sprint-NM i Hol neste helg. Blant dei vel 80 deltakarane har alle fem holingane kapasitet til å kjempe om NM-tittel og medaljar.
Dersom me reknar Norges raskaste sprintar, Espen Aarnes Hvammen, som halv holing, er det seks lokale medaljekandidatar. Hvammen har halve opphavet sitt frå Dagali.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også Nille Martha Norhaug Faleide frå Gol kan kjempe i toppen.
Mål om å vinne
I seniorklassen er Håvard Bøkko (28) og Christoffer Fagerli Rukke (27) medaljekandidatar saman med «døglingen» og storfavoritt Hvammen.
Sjølv om Håvard er all round-løpar og går EM i Minsk denne helga, er han såpass rask på sprintdistansane at han kan gå til topps. At sprint-NM går utandørs under tyngre forhold enn inne, er ingen ulempe.
– Eg ser fram til å gå eit meisterskap på heimebane og går for å vinne, seier Håvard Bøkko som har to NM-titlar i sprint frå før.
Christoffer Fagerli Rukke satsar på sprint og mellomdistanse og er bokstaveleg tala på heimebane under sprint-NM. Han har fem sprint-titlar frå før, to som junior, tre som senior.
– Det blir kjempegøy å gå NM i Hol. Målet er å vinne, eg skal i alle fall på pallen, seier Christoffer Fagerli Rukke.
Vil ta alle fire
Hege Bøkko (24) har siste sesongane satsa mest på sprint- og mellomdistanse. Ho har fire sprintgull frå før, det siste på Gol for to år sidan, og er favoritt i dameklassen.
– Det blir ekstra moro å gå NM der me la grunnlaget i oppveksten. Det ville vera stort å bli norgesmeister på heimebane, seier Hege Bøkko.
Artikkelen held fram under annonsen.
Største gullfavoritten under NM i Hol er Henrik Fagerli Rukke (19). Han er Norges desidert raskaste junior på sprintdistansane. I sin siste juniorsesong håpar han å kopiere bragda frå i fjor då han vann alle distansane under sprint-NM i Drammen.
– Eg er spent og gler meg veldig. Målet er å vinne alle fire distansane, seier Henrik Fagerli Rukke.
Jamgamle Kristian Reinton har ingen pallplasseringar frå før. Reinton har også styrken sin på dei kortaste distansane og siktar seg inn på pallen.
– Det blir eit høgdepunkt i karrieren å gå NM på heimebane. Det ville vera stort å koma på pallen samanlagt, det er ikkje urealistisk, seier han.