Asplan Viak)
Asplan Viak)

Jubileumsløft for Finsehytta

Finsehytta skal få ei ansiktsløfting. Truleg blir det grunnsteinsnedlegging i DNT sitt jubileumsår 2018.

Den opphavlege planen var å gi heile Finsehytta eit realt løft til 150-årsjubileet, men økonomien sette ein stoppar for det.

– Me har tatt vare på det spenstige i planen, men konsentrerer oss om å gjere noko med fellesareala, seier Anders Gjermo, bygningssjef for dei betjente hyttene til Den Norske Turistforening (DNT).

Artikkelen held fram under annonsen.

Løftar fellesområda

Målet var først å gi Finsehytta eit radikalt løft til jubileet i 2018. No handlar planlegginga mest om å kome i gang med bygginga til då. Turisthytta på Finse har vore betjent sidan 1949. Det er DNT Oslo og omland som eig hytta.

Det er fleire utfordringar med dagens bygg, men det som er mest kritisk er å få gjort noko med fellesareala og opphaldsromma i den sentrale delen av bygget. Difor let ein små soverom bli verande små, og i staden set inn kreftene i det som er hjartet til ei turisthytte.

– Små soverom er berre til å sove i. På turisthyttene handlar det om å møte folk i fellesareala, seier Gjermo.

Finsehytta har sett slik ut det siste tiåret, men når DNT skal markere sitt 150 årsjubileum i 2018 kan det vere i gang ei oppgradering av delar av bygget.
Finsehytta har sett slik ut det siste tiåret, men når DNT skal markere sitt 150 årsjubileum i 2018 kan det vere i gang ei oppgradering av delar av bygget.
Mot sør vil ein fjerne eit gamalt svalgangsbygg og erstatte det med ein ny glasvegg. Dei synlege søylene gjer at første etasje vil vere gjennomskinneleg der det ikkje er interne vegger.
Mot sør vil ein fjerne eit gamalt svalgangsbygg og erstatte det med ein ny glasvegg. Dei synlege søylene gjer at første etasje vil vere gjennomskinneleg der det ikkje er interne vegger.
Anders Gjermo, bygningssjef for betente hytter i DNT Oslo og omeng.
Anders Gjermo, bygningssjef for betente hytter i DNT Oslo og omeng.
Finsehytta har sett slik ut det siste tiåret, men når DNT skal markere sitt 150 årsjubileum i 2018 kan det vere i gang ei oppgradering av delar av bygget.
Finsehytta har sett slik ut det siste tiåret, men når DNT skal markere sitt 150 årsjubileum i 2018 kan det vere i gang ei oppgradering av delar av bygget.

– Håpar å unngå stenging

Byggjesesongen er kort når ein ligg 1223 meter over havet. Det set krav til god planlegging. Det er lite realistisk å kome i gang neste år. Ei utfordring kan også bli å halde drifta i gang samstundes som ein byggjer ut.

– Me vil anstrenge oss for å få dette til utan å stenge, seier Gjermo.

Det er Asplan Viak som er inne med planleggingskompetanse. Dei har skalert ned omfanget frå mogelegheitsstudien dei arbeidde med for nokre år tilbake. Den gongen vart prislappen for høg.

– Me såg for oss eit jubileum med Finse si plassering, men måtte innsjå at det vart for dyrt. Det me no jobbar med blir spektakulært nok, samstundes som det ligg på eit nivå me skal kunne klare, seier bygningssjefen.

Jobbar med finansieringa

Men konkret kor mykje det vil koste er for tidleg å si. Ein eigen jubileumskomité i DNT jobbar med å få sponsorar med på laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finsehytta, som i utgangspunktet er sett opp av tyskarane under andre verdskrig for å teste arktisk krigsmateriell, er ombygd og påbygd ei rekkje gonger.

Etter den planlagde ombygginga no, vil ein redusere talet på takvinklar. Betre innsyn og utsikt gjennom bygningskroppen kan bli resultatet.

Det er i utgangspunktet ikkje tillate å føre opp nye, endre eller utvide eksisterande bygg i området, utan gjennom det som blir kalla ei detaljregulering. Difor er det i gang ein prosess på dette med Ulvik kommune.