– Det har vore spennande og moro å ha informasjonssentralen her, seier Odd Inge Blakkestad i Gol og Hemsedal Røde Kors.
– Det har vore spennande og moro å ha informasjonssentralen her, seier Odd Inge Blakkestad i Gol og Hemsedal Røde Kors.

- Røde Kors er like til stades som før

For fyrste gong på over 60 år har Gol og Hemsedal Røde Kors hytta ved Kamben på Golsfjellet heilt for seg sjølv.

Med eit par unntak har Norges Røde Kors flytta informasjonssentralen til Golsfjellet kvar påske sidan 1953. I år er informasjonssentral og kommunikasjonsarbeid flytta til hovudkontoret i Oslo. Såleis var det heller ikkje venta tradisjonelt storfint besøk av korkje ministrar eller presidentar då lokallaget rigga seg til for påskeberedskap i helga.

Svekker ikkje beredskapen

– Me har alt møtt både turistar og bygdefolk i skiløypene som seier «jøss, blir det farleg å vera på fjellet i år sidan de ikkje skal vera der?». Men beredskapen blir like god i år som han har vore tidlegare, seier Odd Inge Blakkestad i Gol og Hemsedal Røde Kors.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stille før stormen

For lokallaget er på plass med 18 frivillige, også i år. Blakkestad, som i ei årrekkje har hatt rolla som vert og lokal vaktsjef, går i år inn i den 26. påska si på hytta ved Kamben. Då Hallingdølen titta innom måndag var det førebels stille før stormen. Draumevêret har enno ikkje kome seg til fjells. Men like fullt gjer dei frivillige seg klare for å stå parat i Røde Kors-lavvoen ved Veslefjell.

– Viss eg skal tenkje berre på eige hjelpekorps, så er det fint å ha hytta for oss sjølve. Me har meir plass, og treng berre tenkje på våre eigne oppgåver. Men elles så har tradisjonen med å flytte informasjonssentralen opp hit vore ei fin moglegheit for oss på grasrota til å prate direkte med dei som bestemmer ting. Me har hatt mange gode diskusjonar her opp gjennom åra. Og det er trass alt moro med besøk, sjølv om det er arbeidsamt, seier Blakkestad.

Fyrstereis

Ti av dei 18 frivillige er operative i hjelpekorpset. Resten er under opplæring. Somme er ferskare enn andre.

F.v. Nicholay Bakken Johannessen, Anders Engen Blakkestad og Frida Strendo Leikvold.
F.v. Nicholay Bakken Johannessen, Anders Engen Blakkestad og Frida Strendo Leikvold.
F.v. Geir Egil Johannessen og Nicholai Bakken Johannessen gjer seg klare for ein ny dag i fjellet.
F.v. Geir Egil Johannessen og Nicholai Bakken Johannessen gjer seg klare for ein ny dag i fjellet.
Delen av hytta der informasjonssentralen brukte å vera er i år gjort om til matsal med ekstra beinplass for lokale frivillige i Røde Kors.
Delen av hytta der informasjonssentralen brukte å vera er i år gjort om til matsal med ekstra beinplass for lokale frivillige i Røde Kors.
Kronprinsesse Sonja på Golsfjellet påska 1989. Her får ho orientering under ein redningsdemonstrasjon av Ola Egil Leikvold (t.v.) i Gol Røde Kors hjelpekorps og lensmann Per-Egil Garborg. I midten bak står generalsekretær i Norges Røde Kors, Odd Grann.

Med berre eit par unntak har Norges Røde Kors flytta informasjonssentralen sin til Golsfjellet kvar påske sidan 1953. Bilete frå påska 1989.
Med berre eit par unntak har Norges Røde Kors flytta informasjonssentralen sin til Golsfjellet kvar påske sidan 1953. Bilete frå påska 1989.

– Dette er den fyrste påska mi her på hytta, smiler Nicholai Bakken Johannessen.

Anders Engen Blakkestad og Frida Strendo Leikvold er også unge rekruttar, sjølv om dei alt har vore del av påskeberedskapen i 12 og seks år.

– Det er fint å halde til her i påskeveka. Me har det moro, passar på lavvoen og gjer ulike oppgåver. Som å lage frukost og skrive opp kva folk skal gjera dag for dag, fortel dei.

– Og så køyrer me skuter. Det er heilt klart det beste, seier Nicholai.

Gol og Hemsedal Røde Kors er på plass. Det blir både påske og beredskap i år også, sjølv om moderskipet følgjer påskefjellet frå hovudstaden.