Dagleg leiar i HallingExpo, Mona Østdahl Gulsvik. (Arkivfoto)
Dagleg leiar i HallingExpo, Mona Østdahl Gulsvik. (Arkivfoto)

Byr på bioøkonomi til frukost

Kva betyr bioøkonomien for Hallingdal i framtida? Det er tema under frukostmøtet i serien «Vannhull Hallingdal».

Fyrstkomande fredag blir det andre frukostmøtet for næringslivet i Hallingdal arrangert på Solstad Hotell på Gol. Det fyrste vart avvikla i september med rundt 40 frammøtte. Då snakka tidlegare Ål-rådmann Bjørgulv Noraberg om kva kommunane kan gjera for å få større vekst i næringslivet og innbyggjartalet.

Biomat, bioenergi, bioindustri

Denne gongen er bioøkonomi temaet. Dagleg leiar i Hallingskog og nestleiar i Viken Skog, Gudbrand Gulsvik, vil koma med tankar om korleis bioøkonomien vil påverke næringslivet i Hallingdal i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omarbeiding av biomasse til mat, energi og industriprodukt er eit aktuelt tema og ei global utfordring. Det er all grunn til å vente at bioproduksjon og bioøkonomi vil påverke rammevilkåra for næringslivet i Hallingdal i framtida.

– Me var godt fornøgd med frammøtet under fyrste frukostmøtet og ventar større oppslutning no når «vannhull»-møta er meir kjent, seier dagleg leiar i HallingExpo, Mona Østdahl Gulsvik.

Vannhull for næringslivet

HallingExpo er eit regionalt næringsforum for bedrifter, institusjonar og offentlege verksemder som vart oppretta for mange år sidan. Næringsforumet skal arbeide for vekst og utvikling, kompetanseheving, nettverksbygging og etableringslyst på tvers av næringar og kommunegrenser. HallingExpo fekk ny giv i haust då det vart tilsett ny dagleg leiar og har i dag rundt 40 medlemsbedrifter.

– Me er eit forum for alle som ynskjer å vera med i eit regionalt næringsnettverk i Hallingdal, både privat og offentleg. Me arbeider tett med regionrådet, men legg størst vekt på næringslivet, seier Mona Østdahl Gulsvik.

«Vannhull Hallingdal» er eit samarbeidsprosjekt mellom HallingExpo, NHO Buskerud, NITO, BDO Hallingdal, regionrådet, Sparebank 1 Hallingdal og Nes Prestegjelds Sparebank. Det blir arrangert fire frukostmøte i året med aktuelle tema som har regional interesse.