Opnar hus og hjarta for folk som er åleine
Kvifor sitje heime julaftan når ein kan vera åleine saman med andre.
– I staden for at berre me to sit saman julekvelden ville me finne på noko, fortel Roar Svensbråten og Randi Lassegård på Geilo. Paret har saman med Rune Lundsør teke initiativ til open julefeiring på Epic Boardshop på Geilo. Hit kjem folk som elles ville sitje åleine heime på julaftan.
– Det er koseleg å gjera noko for andre, og me får att mykje sjølv også. Ikkje minst får me selskap julaftan, seier Svensbråten og Lassegård.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var veldig i triveleg i fjor, så eg måtte koma att i år, fortel Alina Pripis frå Romania.
I godt lag
Det var andre gongen Epic Boardshop inviterte til julefeiring i butikken sin på Geilo.
– Eg kjem hit for fellesskapet. Det er bra at nokon dreg i gang noko, og då må me møte opp, meiner Haavard Lehn. Per Eliassen er samd:
– Når ein et åleine resten av året er det fint å vera her saman med andre i dag, seier Eliassen.
Både hallingar og sesongarbeidarar møter opp på julefeiringa.
– Det er så snilt gjort å arrangere dette, veldig rørande, seier Alina Pripis.
Venejul
Pripis frå Romania møtte opp på julemiddagen i fjor fordi ho var ny på Geilo og ikkje hadde fått så mange vener enno.
I år ville ho attende, og ho kunne ikkje tenkje seg å feire jul på nokon annan måte:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Heime i Romania ville eg ikkje visst kvar eg skulle feire jul. Hjå far, hjå mor, hjå tante, eller nokon andre, seier ho, og dreg på skuldrene. Nei, då er det betre å feire her saman med vener, smiler Alina Pripis.
– Dessutan er det ein fin måte å bli integrert i lokalsamfunnet på, meiner ho.
Held fram
Det er bedrifter på Geilo som sponsar julemiddagen. I år var det middag frå Highland og dessert frå Dr. Holms. Under juletreet bogna det med gåver som butikkane på Geilo har bidrege med.
– Ingen seier nei, fortel Svensbråten.
Det var dei positive attendemeldingane i fjor som gjorde at paret valde same vrien på julefeiringa si i år.
– Det kostar oss ingenting, berre tid, og me tykkjer det er ein fin måte å feire jul på, seier Roar Svensbråten og Randi Lassegård.
– Utfordringa er å nå dei som verkeleg treng det, meiner paret. Dei som kanskje ikkje vil innrømme at dei føler seg åleine.
Neste år blir det på ny julefeiring på Epic Boardshop.