Funn av død person
Laurdag hadde Røde Kors i Gol planar om å gjennomføre ein storstilt leiteaksjon etter den sakna kvinna frå Gol. No er aksjonen avlyst.
Politifyrstebetjent, Odd Halvard Seterdal, stadfestar at det er funne ein død person. Ut over det ynskjer han ikkje å seie noko meir om funnet.
– Eg kan stadfeste at ein død person er funnen i Liaåni og at denne personen er sendt til obduksjon for å bli identifisert.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kan det vera den sakna 65-åringen som er funnen?
– Det kan eg ikkje svare på. Men det er ingen andre som er meldt sakna i dette området, fortel Seterdal.
Av omsyn til familie til den sakna kvinna kan han ikkje gje ut meir informasjon om funnet, i alle høve ikkje i denne omgang.
Store styrkar leita
Det var tysdag 15. september politiet fekk melding om at ei 65 år gamal kvinne frå Gol var sakna frå heimen sin. Politiet sette i gang ein stor leiteaksjon i området kring Herad og Liagardane.
Mannskap frå Røde Kors og ekvipasjar frå Norske Redningshundar deltok også i leitinga. Neste morgon vart leitinga trappa opp ytterlegare med mannskap frå Sivilforsvaret. Bakkemannskapa fekk også luftstøtte av Norsk Luftambulanse og den lokale flyklubben som søkte over Hallingdalselva.
Sist sett heime
Den sakna kvinna vart sist sett heime i eigen bustad den dagen ho forsvann. Dei neste dagane vart søkjeområdet utvida, men det vart ikkje gjort funn.
Ikkje før laurdagen kom politiet over noko som dei meinte kunne vera eit interessant funn ved ei sideelv til Hallingdalselva. Kva som vart funne ville dei ikkje gå ut med. Men for politiet styrkte funnet mistanken om at den sakna hadde enda opp i Liaåni som renn gjennom det sentrale leiteområdet. All fokus i det vidare søket vart difor gjort i tilknyting til elva.
Politiet kan fredag ettermiddag ikkje seie meir om funnet eller kven som oppdaga den døde personen, men seier at ingenting tyder på at det ligg ei kriminell handling bak forsvinninga.