Mannskapa arbeider på staden.
Mannskapa arbeider på staden.

Klarte ikkje bakken og velta

Eit finskregistrert vogntog sklei av vegen og velta ved Ustaoset torsdag føremiddag.

Vogntoget var tungt lasta og på veg vestfrå då det møtte motbakken opp frå Ustaoset. Glatt underlag førte til at vogntoget ikkje kom opp og i staden sklei bakover før det hamna i grøfta. Både brannvesen, ambulanse og politi rykka ut då meldinga kom torsdag like over klokka 10.

Ikkje skadd

Det viste seg å ikkje vere personskadar. Politiet undersøkjer no om vogntoget var godt nok skodd. Lasta må etter alt å døme lastast over på ein ny trailer før ein får rydda opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stenging

Vegen vart stengd i periodar, ettersom lasta måtte lastast om. Lastebilen vil bli fjerna sidan. Då vil vegen bli heilt stengd ei tid. Politiet vil også undersøkje om vogntoget var godt nok skodd. Det er meldt om svært glatt veg i området. Trafikken går elles som normalt forbi ulykkesstaden.