Har tru på hjelp frå ESA
Norske vasskraftkommunar kan få hjelp frå Europa når gamle konsesjonsvilkår for kraftutbygging skal reviderast.
I Hallingdal gjeld det mellom anna Holsutbygginga, der kommunane Hol og Ål kravde slik revisjon alt i 1998. Snart 14 år seinare er denne revisjonen enno ikkje gjennomført.
Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) er misnøgd med den lina regjeringa har lagt seg på i andre og tilsvarande revisjonssaker og har klaga til EFTAs overvakingsorgan ESA.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stiller spørsmål
LVK meiner kraftselskapa blir for sterkt tilgodesett, og at det blir teke for lite omsyn til miljøtiltak som minstevassføring o.l. Saman med fleire miljø- og friluftsorganisasjonar har LVK klaga til ESA om forholdet mellom krava i EUs vassdirektiv og revisjon av konsesjonsvilkåra.
ESA har gjort ei førebels vurdering av klagen. I brev til norske styresmakter stiller dei ein del spørsmål som skal svarast på før det blir konkludert i saka. Men den utgreiinga ESA kjem med om vassdirektivets krav i regulerte vassdrag, er i tråd med det som er oppfatninga til LVK, og som er bakgrunnen for klagen.
Har forventingar
LVK meiner det går tydeleg fram av utgreiinga frå ESA at det er den gamle revisjonsordninga som må tilpassast krava i vassdirektivet og ei ny forvalting, og ikkje motsett. LVK meiner signala frå ESA står i motsetning til regjeringas kongelege resolusjon om dei eksisterande vassforvaltingsplanane, som seier at miljømålet i regulerte vassdrag skal baserast på gamle konsesjonsvilkår.
LVK har på denne bakgrunn forventing om at norske styresmakter vil måtte gjere nødvendige endringar i gjeldande revisjonsordning for å kome i samsvar med krava i vassdirektivet. Der er det tale om ei sektorovergripande vassforvalting, som inneber at også vasskraftsektoren blir forplikta av miljømåla.