Skiskyting: Pallplassar på Liatoppen
Åsne Skrede leia sin klasse i Norgescupen då alt skulle avgjerast på Liatoppen.
I den avgjerande fellesstarten vart Geilo-løparen nummer tre bak Marte Carlson Møller frå Trysilgutten og Anne Bunemann De Besche frå Try i K19.
Dermed vart det andreplass i Norgescupen etter det som har vore nok ein god sesong. Klubbkamerat Filip Fjeld Andersen har hatt ein sesong med opp- og nedturar. Men etter eit langt skadeavbrekk kom han skikkeleg i siget mot slutten av sesongen. Laurdag gjekk han igjen godt og vart nummer to i klasse 20–21. Dei andre lokale løparane plasserte seg slik i Norgescupfinalen:
Artikkelen held fram under annonsen.
K17: Sigrid Haug Grønnerød (Ål skiskyttarlag) nummer 15.
K18: Mari Torsteinsrud (Ål) nummer 10 og Vilde Kverndal Veslegard (Ål) nummer 17.
K19: Mari Lindmo Kvanneberg (Ål) nummer 11.
K 20-21: Stina Brattegard (Ål) nummer 13.