Hemsedal fyrst i mål
Tre spreke hemsedøler sikra sundag gull i stafett i orientering.
Orienteringsgruppa i Ål arrangerte sundag Hallingdalsmeisterskap i orienteringsstafett, i Leveld.
Hemsedølen Rune Abrahamsen la grunnlaget på fyrste etappe. Guro Jordheim gjorde jobben på andre etappe, og sende Endre Ulsaker ut med ei behageleg leiing.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ankermannen rista på hovudet då han kom i mål etter å ha streva med å finne fleire av postane. Men det heldt likevel til siger, med god margin, for Hemsedals fyrstelag. Dei slo Nesbyens fyrstelag på andreplass, mens Åls andrelag vart nummer tre.
Tøff løype
– Huff eg tulla det til på båe rundane, sa Ulsaker etter å ha brukt godt over ein time på etappen sin. Lagkamerat Rune Abrahamsen på fyrste etappe fortel at også han bomma litt.
– Det var litt vanskeleg, men ikkje minst tungt, med mange bakkar, oppsummerte Abrahamsen.
Sjølv om dei leia var det spennande å veta at Pål Gunnar Mikkelsplass kom susande bakfrå som ankermann på Nesbyens andrelag. Det vart likevel ein siger på fleire minutt til hemsedølene.
Ti lag
Det nærmar seg slutten på orienteringssesongen. Løpet i Leveld sundag var årets einaste stafett.
Blant dei ti laga som deltok, var heile seks frå Hemsedal, tre frå Ål og to frå Nesbyen.
– Ein må kunne seie at det var jamt, med alle tredjeetappane ute samstundes, seier Nils-Kjell Kolbjørnsgard som stod for arrangementet, saman med Arnstein Sørbøen.
Hallingdal har eit rikt orienteringsmiljø, med lagt over 100 aktive løparar.