UDI legg ned mottak både i Hol og Hemsedal
UDI legg ned begge asylmottaka i Hallingdal: Hol statlege mottak på Kongshaugen og Hemsedal statlege mottak på Tuv.
Det er klart etter at Utlendingsdirektoratet (UDI) har bestemt seg for ytterlegare nedlegging asylmottak her i landet. I denne runden blir 17 mottak lagt ned. Bakgrunnen er at det kjem langt færre asylsøkjarar til Norge enn tidlegare.
No blir altså dei to to siste mottaka i Hallingdal lagt ned; Hemsedal statlege mottak på Tuv med 150 plassar og Hol statlege mottak på Kongshaugen med 40 plassar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Mottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar på Kongshaugen blir lagt ned med oppseiing frå 1. september. Med fire månaders oppseiingsfrist betyr det at 31. desember blir siste dagen, skriv fungerande mottaksleiar Tore Fauske Haugen på vegner av selskapet Link som driv mottaket.
Skrivet er sendt ut til ei rekkje personar knytt til drifta på Kongshaugen og til Hol kommune.
Kva dette inneber for dei ungdommane som ikkje har fått vedtak om opphald eller busetjing i kommune, og som framleis er under 18 år, veit ein enno ikkje. Men Tore Fauske Haugen legg til at det vil innebere flytting til andre asylmottak.
Hemsedal statlege mottak på Tuv blir lagt ned med tre månaders oppseeingstid. Det betyr stenging innan 30. november.
Nedlegginga får også konsekvensar for mange tilsette. Det er 15 årsverk knytt til drifta på Kongshaugen, fordelt på 33 personar, både i faste stillingar og vikarar. Arbeidsforholdet vil ta slutt 31. desember.
- Nedlegginga på Tuv får også personalmessige og økonomiske konsekvensar, seier ordførar i Hemsedal, Oddvar Grøthe.
Dei tilsette vart informert om nedlegginga torsdag. Både Hol kommune og Hemsedal kommune er informert.