Klare for samlagsskyting
Hallingdalsskyttarane har avgjort kven som representerer samlaget under Landsskyttarstemnet.
Skyting: Etter fleire uttaksrundar har hallingdalsskyttarane avgjort to av tre kvartettar som skal i aksjon under samlagsskytinga i Målselv.
Landsskyttarstemnet startar 30. juli, og samlagsskytingane går måndag, tysdag og torsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laget som skyt i seniorkonkurransen tysdag kveld er Arild Brodahl (Hovet og Hol), Gunnar Halbjørhus, (Hemsedal), Stian Bogar (Hovet og Hol) og Vidar Auve (Geilo).
Kvartetten er den same som skaut på laget då Hallingdal vann samlagsskytinga på Voss for fire år sidan.
For veteranane stiller Asbjørn Hov, Hemsedal, Knut Grøndalen, Hemsedal, Ole Jonny Jorde, Torpo, og Knut Olav Rauk, Nes og Bromma.
Laget for ungdommar er ikkje klart enno. Det blir tatt ut etter neste helg, då er det fire stemner her i Hallingdal med kring 350 deltakarar. Mange skyttarar bruker desse stemna til å prikke inn formen før Landsskyttarstemnet startar ei knapp veke seinare. Både Nes og Bromma, Ødegården, Hadding og Hovet og Hol arrangerer stemner.