Regnvêr og plussgrader stoppa ikkje Hans Petter og Ingrid Hermine Fürst frå å kome seg ut på ski vesle julaftan.
Regnvêr og plussgrader stoppa ikkje Hans Petter og Ingrid Hermine Fürst frå å kome seg ut på ski vesle julaftan.

Grisevêret stoppa ikkje skiløparane

Skiløparar i Nesfjellet let seg ikkje stoppe av regnvêret vesle julaftan.

For det har vore ein trist førjulsdag vêrmessig.

Regnvêr og plussgrader har avløyst det flotte vinterføret som har vore i skiløypene siste vekene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Greitt føre

Men Hans Petter og Ingrid Hermine Fürst let seg ikkje stoppe av regnet.

Laurdag ettermiddag var dei ferdige med dagens økt i skiløypene kring golfbanen ved Nesbyen Alpinsenter.

– Me har gått i to timar. Føret var heilt greitt, meinte dei.

Dei hadde ikkje selskap av mange andre i løypene, men Ingrid Hermine (16) er aktiv skiløpar i Osloklubben Heming. Då må den daglege treningsmengda haldast oppe i juleferien når det ventar fleire skirenn på nyåret.

– Eg gjekk intervall i dag, seier ho og håpar på meir snø og meir normale vinterforhold resten av juleferien.

– Men viss det blir kaldt, bør det også kome snø. Viss ikkje, blir det hardt i løypene.

Snø?

Men det er håp om snø.

Ifølgje vêrvarselet på yr.no kan hallingdalskommunane håpe på snø første juledag. Det er også meldt om kuldegrader. Skulle det varselet slå til, vil det igjen vere godt, gamalt blåføre i løypene. Totalt er det køyrt opp over 170 mil, eller 1700 kilometer med skiløyper i Hallingdal og Nore og Uvdal. Dei fleste i skogsterreng, men det er også mogeleg å ta seg ein tur i oppkøyrde løyper i høgfjellet.