Gustav best i Topolino
Gustav Rosberg Vøllo takka for plassen med å bli beste norske utøvar i det internasjonale barnerennet i Italia.
Alpint: Hemsedølen sikra deltakinga i Italia på heimebane under E-Co-cup for to veker sidan, og gjorde to sterke løp i dei italienske fjella.
Barnerenna Trofeo Topolino har deltakarar frå 45 nasjonar frå heile verda, m.a. New Zealand, Argentina, Finland, Russland, Japan, Italia og Frankrike. Rennet har også status som eit uoffisielt VM for klassane 13 år og 14/15, og i klassen til Vøllo var det 68 deltakarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Beste norske
Hemsedølen fekk sin internasjonale debut med ein sterk sjuandeplass i favorittdisiplinen storslalåm fredag.
Trass i at han hadde eit seint startnummer og måtte gjennomføre løpet i ei blaut og oppkøyrd løype, gjorde 12-åringen frå Hemsedal det best av dei norske utøvarane fredag.
Favoritt
Laurdag gjentok hemsedølen bedrifta, då løparane køyrde slalåm.
Gustav Rosberg Vøllo køyrde ein flott fyrsteomgang, og stod som nummer seks halvvegs i rennet. I andre omgang hadde han ein uheldig stopp, og kom i mål til ei noko svakare tid. Likevel tok 12-åringen ein ny sjuandeplass, og vart også laurdag beste norske.