DJ Stian Guldbrandsen og Marius Sortebråten Jonsen på lys.
DJ Stian Guldbrandsen og Marius Sortebråten Jonsen på lys.

- Kom til Gol på diskofest

Laurdag blir Gol samfunnshus fylt med lyd, lys og dansande ungdom frå heile Hallingdal.

I fjor dansa 22.000 kvitkledde ungdomar under Sensation i Telenor Arena i Bærum. Det kjem neppe så mange på Samfunnshuset, men Ungdomsklubben i Gol tek mål av seg å skape ein magisk dansefest som samlar ungdom frå heile dalen.

Dei lovar eit lysshow som vil ta pusten frå dei fleste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lovar lysfontene

Marius Sortebråten Jonsen fortel at dei har hyra inn profesjonelle til å køyre lys. Det skal setjast opp ein lysrigg som fyller heile samfunnshuset. I tillegg skal lysshowet krydrast med pyroteknikk og confetti.

Sortebråten Jonsen skal vere med å rigge opp utstyret og fortel at dei startar å rigge fredag klokka 8 om morgonen.

– Det er ekstremt mykje lys som skal på plass. Me må bruke to lyspultar for å få plass til alt, seier han.

Hallingdisco er eit arrangement av ungdom for ungdom. Marius Sortebråten Jonsen (t.v.) skal rigge lys, Emilie Larsen Bjørnstad har ansvar for dekoren og Ingvild Brenno underhaldninga under tidenes dansefest. Stian Guldbrandsen skal vere DJ.
Hallingdisco er eit arrangement av ungdom for ungdom. Marius Sortebråten Jonsen (t.v.) skal rigge lys, Emilie Larsen Bjørnstad har ansvar for dekoren og Ingvild Brenno underhaldninga under tidenes dansefest. Stian Guldbrandsen skal vere DJ.
Marius Sortebråten Jonsen og Stian Guldbrandsen har erfaring med å køyre lys og lyd på ungdomsklubben, men under Hallingdisco blir det større forhold enn dei er vant til. – Det blir så mykje lys at me må rigge to lyspultar, seier Marius.
Marius Sortebråten Jonsen og Stian Guldbrandsen har erfaring med å køyre lys og lyd på ungdomsklubben, men under Hallingdisco blir det større forhold enn dei er vant til. – Det blir så mykje lys at me må rigge to lyspultar, seier Marius.

Dansar i takt

– Dette er første gong alle 13-18-åringar i Hallingdal blir invitert til dansefest. Det har aldri vore noko liknande i Hallingdal tidlegare, seier Knut Andre Svensbråten i Gol Ungdomsklubb.

Han er prosjektansvarleg for Hallingdisco 2012.

– Det er altfor få arrangement for ungdomar i denne aldersgruppa, seier han.

Det er bakgrunnen for at golingane vil ta initiativ til eit samarbeid med ungdomsklubbar i dei andre kommunane for å få til fleire felles arrangement for ungdom i dalen. Målet er å lage eit årleg arrangement som får dalen til å danse i takt.

Elektronika og rock

Då Hallingdølen var innom Klubb1 på Gol i førre veke, var ungdommane godt i gang med førebuingane. Ingvild Brenno fortel at ho har ansvar for nokre av underhaldningsinnslaga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal vere to dansenummer. Me har brukt dei siste vekene til å øve, seier ho.

I tillegg lovar ho fleire musikalske innslag frå scena.

Stian Guldbrandsen har vore DJ på Klubb1 i fem år. Men dette er det første gong han har ansvar for musikken på eit så stort arrangement.

– Eg blir ikkje nervøs, for eg likar det eg driv med. Målet er å spele musikk som fell i smak hjå alle. Det blir alt frå elektronika og house til listepop og rock – eg har det meste på PC-en, seier han.

Lang veg

Svensbråten seier at det blir jobba med å lage ei transportordning frå dei andre kommunane i dalen. Så langt har fritidsklubbane i Hemsedal, Ål og Nes varsla at dei vil ordne transport.

– Geilingane får leggje press på fritidsklubben. Viss ikkje får dei mase på foreldra om å køyre, seier han.