Økonomisjef blir ny rådmann
Økonomisjef i Sarpsborg kommune, Rune Antonsen (56), blir ny rådmann i Nore og Uvdal. Han startar i stillinga mars.
Tilsetjinga skjedde for lukka dører i kommunestyret måndag.
Samstemt kommunestyre
Ordførar Eli Hovd Prestegården opplyste etter møtet at det var eit samrøystes kommunestyre som ville ha Antonsen til å overta etter Alexander Ytteborg. Ytteborg har vore rådmann i to år og sluttar i januar for å bli verdsarvkoordinator i Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var 11 søkjarar til rådmannsstillinga, deriblant nesningane Audun Aasheim og Leon Grinde.
– Rune Antonsen var den best kvalifiserte, seier ordføraren.
Tilsetjingsprosessen har vore unntatt offentlegheit. Ordføraren vil ikkje opplyse kor mange av søkjarane som har vore på intervju.
Startar i mars
Rune Antonsen seier til Hallingdølen at han har takka ja til rådmannsstillinga. På grunn av tre månaders oppseiing som økonomisjef i Sarpsborg kommune kan han ikkje starte i den nye jobben før i mars.
Fagsjef for skule, kultur og oppvekst, Sten Tore Svennes, blir konstituert rådmann frå Ytteborg sluttar i januar til Antonsen overtek. Svennes var også blant søkjarane til rådmannsstillinga.
– Eg ser fram til å bli rådmann i Nore og Uvdal. Det er ein spennande jobb med store utfordringar å vera rådmann i ein kraftkommune med sviktande kraftinntekter. Det blir også ein overgang å koma frå ein bykommune til ein distriktskommune med 2500 innbyggjarar, seier Antonsen.
Vekependlar
Rune Antonsen har vore økonomisjef i Østfold-kommunane Sarpsborg og Askim dei 13 siste åra. Han har til saman 25 års fartstid i kommunal verksemd og har jobba ti år i Forsvaret.
– Eg har brei kompetanse i kommunal verksemd og får god nytte av det i den nye jobben, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Flyttar du til Nore og Uvdal?
– Eg har hus og bur i Fredrikstad og blir vekependlar i starten. Så får tida vise om eg flyttar til Nore og Uvdal.