Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ankereetappen på det norske juniorlaget som tok gull på stafetten torsdag. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ankereetappen på det norske juniorlaget som tok gull på stafetten torsdag. (Arkivfoto)

Vetle er verdsmeister

Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ankeretappen då dei norske juniorane vart verdsmeistrar på stafett.

Stafetten i junior-VM var det store målet i Kontiolahti for skiskyttarane på juniorlandslaget. Torsdag hadde dei fire på laget fullklaff.

Vetle Sjåstad Christiansen gjekk ut på sisteetappen med eit forsprang på heile 1 minutt og 16 sekund ned til neste konkurrent. På liggjande retta 19-åringen opp innsatsen på standplass frå normaldistansen og skaut fullt hus, på ståande vart det to bom, men trass bruk av ekstraskot gjekk han ut nesten to minutt føre neste konkurrent. I mål var det norske laget til slutt nesten halvtanna minutt føre Tsjekkia og Frankrike, som tok dei to neste plassane på pallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erling Aalvik gjekk fyrsteetappen og sendte Johannes Thingnes Bø (Markane) ut som nummer fem etter fyrste veksling. Han gjekk ei god andreetappe og førte laget opp i tet, den plassen heldt sølvvinnar frå normaldistansen tysdag, Marius Hol (Vestre Målselv).